Gå til meny, Alt + m + linjeskift
Gå til innhold, Alt + i + linjeskift
Gå til relatert innhold, Alt + r + linjeskift
Gå til informasjon om tilgjengelighet
Hjem

Milepælen Meland

14.06.10

Opninga av NAV Meland markerte ein historisk dag for NAV i Hordaland. Av totalt 40 NAV-kontor er Meland etablert som det siste i fylket. Dermed er ein viktig milpæl nådd: No er det etablert NAV-kontor i samtlege kommunar i Hordaland!

Det var to nøgde leiarar som kunne helse velkommen til det nye kontoret i rådhuset i Meland på fredag. Kommunal leiar Hildegunn Hove og statleg leiar Lars Vagle Stangeland utgjer leiarduoen som saman med medarbeidarane skal yte heilskaplege velferdstenester for innbyggjarane i kommunen.

Målet er nådd
- Det har vore ein lang prosess, vegen har vore kronglete, men no er målet nådd, sa Stangeland då han ønskte  velkommen til opninga.

For dei tilsette på statleg side har ikkje vore bortskjemde med store og moderne lokale tidlegare. I over eitt år har dei halde til i provisoriske brakker utanfor rådhuset. Då er det ekstra stas å endeleg vere på plass i eit nytt bygg med moderne løysingar som stimulerer til betre trivsel både for brukarar og tilsette.

Symbolsk markering

Den seremonielle opningsmarkeringa gjort på originalt vis, der rådmann og fylkesdirektør i NAV Hordaland festa ei lenkje med kvar sin navar til delar av eit gammalt eiketre frå Meland kommune.

- Grunnmuren lagt. No startar arbeidet med å utvikle kontoret vidare. Brukarane skal oppleve at vi saman utnyttar det muligheitsrommet som eit NAV-kontor skal gi, sa fylkesdirektør Anne Kverneland Bogsnes i si helsing til kontoret.

NAV Meland har totalt 13 tilsette som skal yte velferdstenester for ein kommune som er i sterk vekst. Ein fire år lang prosess med å etablere NAV-kontor er no slutt, og opninga i Meland er difor historisk.  Det nest siste kontoret som vart etablert i Hordaland var NAV Voss.  Den offisielle opninga av dette kontoret vil bli markert torsdag 17. juni.

 
 
 
Meland

Rådmann Helge Thorsen og fylkesdirektør Anne Kverneland Bogsnes festa lenkja mellom kommune og stat, her med kyndig rettleiing frå ordførar Nils Marton Aadland.

 
Meland2

Leiarduoen Lars Vagle Stangeland og Hildegunn Hove gler seg over å endeleg vere på plass i nye kontorlokale.

 
Meland1

Dei tilsette ved NAV Meland samla på eitt breitt.