Senter for jobbmestring - eit forskningsprosjekt
Både NAV og helsetenesta har ulike tilbod for å følgje opp deg som ønskjer hjelp til å fungere i jobb trass i psykiske helseproblem.
Vi ønskjer å vite meir om kor godt desse tilboda virkar, og har sett i gang eit forskningsprosjekt der du kan delta.
Psykiske helseproblem er vanlege. Halvparten av oss vil oppleve slike problem ein eller fleire gangar i løpet av livet, og det er som oftast ikkje til hinder for å fungere i jobb. Men det er også mange som treng hjelp til å handtere problema for å klare å vere i arbeid.
Målet med forskningsprosjektet er å få betre kunnskap om kva som kan hjelpe folk med angst eller depresjon som står utanfor arbeidslivet, er sjukemeldt, eller i fare for å falle ut av arbeidslivet.
Senter for jobbmestring finst i: Oslo, Akershus, Hordaland, Sør-Trøndelag, Troms og Østfold.
Noko for deg?
Tilbodet passar for deg som har angst og/eller depresjon der symptoma gjer det vanskeleg å fungere i arbeid og som anten:
- er under oppfølging av NAV og ønskjer å komme raskt ut i arbeid
- har eit arbeidsforhold du er heilt eller delvis sjukemeldt frå på grunn av psykiske helseproblem, eller
- står i faresona for å bli sjukemeldt som følgje av psykiske helseproblem
Kva går forskningsprosjektet ut på?
Dersom du vel å delta i forskningsprosjektet, vil du først bli invitert til ein vurderingssamtale med ein psykolog/rådgjevar ved Senter for jobbmestring. Deretter vil du bli tilfeldig trukken ut til ei av to grupper. Den eine gruppa blir tilvist til ordinær oppfølging ved det lokale NAV-kontor eller fastlege, medan den andre gruppa får tilbod om individiell oppfølging ved Senter for jobbmestring. Fordelinga er heilt tilfeldig og det er ingen, verken du sjølv eller nokre du møter i prosjektet, som kan påverke utfallet av trekninga.
NAV 1 – Oppfølging fra NAV eller fastlege
Dersom du vert trukken ut til denne gruppa, vil vil vi tilby å sende et brev til ditt lokale NAV-kontor eller fastlege, slik at du vil få ordinær oppfølging der. Du vil også få informasjon om enkelte sjølvhjelpsressursar for meistring av angst og depresjon.
NAV 2 - Senter for jobbmestring
Oppfølging ved Senter for jobbmestring handlar om symptommeistrende rettleiing. Det vil seie rettleing i korleis du kan handtere og meistre symptom på angst og depresjon i en arbeidsmessig kontekst. Ved Senter for jobbmestring jobbar fagpersonar med kompetanse innan arbeid, psykisk helse og kognitiv terapi. Ved behov vil du også få tilbod om bistand fra ein jobbkonsulent til å skaffe arbeid eller hjelp til å tilrettelegge arbeidsplassen.
Nyttig for samfunnet – nyttig for deg?
Ved å delta i prosjektet kan du bli ein viktig bidragsytar til ny kunnskap om psykiske helseproblem og arbeid, samtidig som din jobbsituasjon kan betrast ved at du får oppfølging anten ved Senter for jobbmestring eller ved ditt lokale NAV-kontor eller fastlege.
Slik går du fram:
- Kontakt ditt lokale NAV-kontor eller fastlegen din viss du er interessert i å delta i forskningsprosjektet Senter for jobbmestring
- Bedriftshelsetenesta på arbeidsplassen din kan også kontakte oss
- Ta gjerne direkte kontakt med Senter for jobbmestring dersom du lurer på om dette kan vere noko for deg
Kven er ansvarleg?
Prosjektet inngår i Nasjonal strategiplan for arbeid og psykisk helse. Forskningsdelen av prosjektet er drive av Uni helse og Universitetet i Bergen med professor Stein Atle Lie som ansvarleg. NAV har ansvar for drifta av Senter for jobbmestring.
Kontaktinformasjon
Marianne Misje // psykolog / teamleiar // 95 88 83 92
Ida Marie Hoff // psykolog / rettleiar // 92 66 99 70
Linn Vathne Lervik // psykolog / rettleiar // 92 03 99 11
Åsne Aarskog // ergoterapeut / pedagog / rettleiar// 92 6699 60
Torstein Næsheim // sosionom / rettleiar // 92 02 25 07
Sentralbord: 53 04 00 00
Ditt lokale NAV-kontor eller din fastlege kan tilvise deg til Senter for jobbmestring.
Du kan også ta direkte kontakt med Senter for Jobbmestring for meir informasjon (sjå over). Du finn også meir informasjon
i brosjyra, eller sjå under Relatert informasjon.
For meir informasjon om kva det vil seie å delta i forskningsprosjektet, kan du ringe prosjektkoordinator Camilla Løvvik i Uni helse, tlf.: 55 58 32 68/55 58 39 91 eller sjå i infoarket Om deltagelse i forskningsprosjektet SFJ.
Relatert innhold
- Tilvisingsskjema (henvisningsskjema)
- Innsøkingsrutinar
- Kriteriar for innsøking til forskningsprosjektet
- Informasjonsbrosjyre (pdf)
- Informasjonsbrosjyre nynorsk (pdf)

