Krav om mange deltakarar i Kvalifiseringsprogrammet
NAV Fauske var fyrste kontor med deltakarar i Kvalifiseringsprogrammet i fylket. Det er likevel lenge før målet er nådd i Nordland.
Det er meininga at 261 personer skal vere deltakarar i Nordland i 2008. Oppmodinga til NAV-kontora i Nordland er difor klar: Om dykk har brukarar som er aktuelle for Kvalifiseringsprogrammet (KVP), er det berre å setje i gang. Kommuner kor det enno ikkje er etablert NAV-kontor, oppmodast til å førebu seg best mogleg.
Start i april
Opplæring av tilsette i NAV-kontora i Nordland i KVP vil starta i løpet av april. Ho vil bestå av tre moduler. Det er i hovudsak kommunale kompetanserettleiarar som vil køyre programmet.
Viktigaste verkemiddel
KVP er regjeringas viktigaste verkemiddel i kampen mot fattigdom og i realiseringa av NAV-reforma. Programmet er eit viktig steg for å hjelpe fleire til å kome i arbeid og redusere talet på mottakarar av sosialhjelp.
Ny Handbok for NAV-etablering
No føreligg ny versjon av Handbok for NAV-etablering (versjon 3.0) frå NAV, kor KVP er omtala særskild. I handboka presiserast viktigheita av at ein i løpet av etableringsprosessen gjer førebuingar som sikrar at programmet kan tilbys frå tidspunktet for etablering. NAV-kontora vil bli avkrevd rapportering på KVP. Ein bør difor i etableringsprosessen kartleggje kva for brukarar NAV-kontoret har som kan vere aktuelle for programmet.
Temasider og malar
Helsedirektoratet har nettsider om KVP. Her finn de eigne temasider med mellom anna forslag til mal på korleis ein raskt kan koma i gang, og svar på ofte stilte spørsmål.
Brev til kommunane
Fylkesmannen har i brev til alle kommuner i Nordland av 27.03.08 informert om ein del praktiske problemstillingar når det gjeld gjennomføring av programmet. Sosial- og helsedirektoratet, no Helsedirektoratet, har i brev til kommunene av 07.03.08 kome med viktig informasjon om iverksetjinga av KVP. Dei skriv og om organisatorisk handsaming, rapportering og berekninga av dei kommunale meirkostnadene for 2008. Det kjem i tillegg fram i brevet kor mange deltakarar det er berekna at kvar kommune med NAV-kontor skal ha. Lenke til desse breva finn du på Fylkesmannen eller direktoratet sine nettstader.
Samordnande gruppe
Det er nedsett ei gruppe på fylkesnivå som skal samordna KVP i Nordland. Gruppa er samansett av Karin Isaksen Rødelv (kompetanse/opplæring) og Marianne Fredriksen (statlige tiltak) frå NAV Nordland. Frå Fylkesmannen i Nordland kjem Randi Gundersen og Lars Erik Lillefloth. Desse personane kan kontaktast når det gjeld KVP.

