Ordresituasjonen kraftig svekka
Ordresituasjonen til bedriftene er blitt mykje dårlegare gjennom 2009, og mange er heilt avhengige av å vinne nye ordrar i løpet av våren for å halde aktivitetsnivået oppe. Nesten halvparten av bedriftene innanfor industri og bygg og anlegg melder om lågare ordrereserve og kortare ordrehorisont enn for eitt år sidan.
Dette kjem fram i den nye utgåva av Næringsbarometeret for Hordaland og Sogn og Fjordane som blir presentert 21. januar.
For byggjenæringa blei ordrereserven redusert med 8 prosent i tredje kvartal 2009 samanlikna med same kvartal i 2008. Tal frå bedriftsundersøkinga for Næringsbarometeret stadfester tendensen. Halvparten av bedriftene rapporterer om at både ordrehorisonten og ordreverdien er kortare i november 2009 enn han var ved inngangen til året. Dermed har næringa vesentleg kortare horisont for aktiviteten sin enn det som har vore tilfellet dei siste to–tre åra. Situasjonen er betre i anleggsnæringa, der ordrereserven framleis er stor, og også aukande. I tredje kvartal 2009 auka ordrereserven for anlegg med 25 prosent og var verdimessig på høgd med høgkonjunkturen i 2007.
Usikkert for ordrebasert industri
Den ordrebaserte industrien har framleis ei usikker tid framfor seg, og for tredje kvartal 2009 blei ordrebøkene endå meir slunkne enn før. På landsbasis minka ordrereservane med ein tredel i denne perioden. Situasjonen er den same for industribedriftene i Hordaland og Sogn og Fjordane. Bedriftsundersøkinga for Næringsbarometeret viser at ordresituasjonen er svekt for 40 prosent av dei 234 bedriftene som har svart på undersøkinga. Verftsindustrien og mekanisk industri er særleg hardt ramma; her oppgir heile 40 prosent at ordreverdien er vesentleg redusert i 2009. Eit lyspunkt er at trevareindustrien ser ut til å ha nådd eit vendepunkt i marknaden, for nesten halvparten av bedriftene har auka ordrebehaldninga det siste året.
Uendra ordresituasjon for fleirtalet av transportbedriftene
For dei fleste transportbedriftene er ordreverdien og ordrehorisonten uendra hausten 2009 samanlikna med inngangen til året. Men nesten 30 prosent opplever at ordrehorisonten er kortare no enn tilfellet var ved inngangen til 2009.
Blir presentert torsdag 21. januar
I Hordaland blir den nye utgåva av Næringsbarometeret for Hordaland og Sogn og Fjordane presentert på torsdag 21. januar i Bergen Næringsråd, på Alver Hotell, Straume Amfi, Stord Hotell og Kausbo i Øystese.
Næringsbarometeret er eit samarbeidsprosjekt mellom Innovasjon Noreg, NAV, NHO, Sparebanken Vest og fylkeskommunane i Hordaland og Sogn og Fjordane. Målet med Næringsbarometeret, som byggjer på ei større bedriftsundersøking, er å gje status og framtidsutsikter for viktige næringar på Vestlandet.
For ytterligere informasjon, kontakt:
Sparebanken Vest Direktør for bedriftsmarked Henning Nordgulen – 952 65 990
NHO Regiondirektør Tom Knudsen – 55 23 98 04 – 908 30 688
NAV Avdelingsdirektør Kenneth Stien – 92 41 56 59
Innovasjon Norge Direktør Nina Broch Mathisen – 917 15 453
Hordaland fylkeskommune Strategi- og næringsdirektør Jan-Per Styve – 920 28 915

