Utlysing av midlar 2012 - barnefattigdom (Nynorsk)
Tilskotsordninga for å styrkje arbeidet mot barnefattigdom skal vidareførast i 2012. Ein tek atterhald om vedtak i Stortinget. Tilskota er eit ledd i regjeringa sin handlingsplan mot fattigdom, og alle kommunar kan søke.
Føremålet med ordninga er å førebyggje og redusere fattigdom og sosial eksklusjon blant barn, unge og barnefamiliar som mottek bistand frå sosialtenesta. Dette skal gjerast ved å:
- styrkje det sosiale og førebyggjande arbeidet i kommunen
- utvikle nye tiltak overfor målgruppa
- betre samordning av lokale tiltak
- styrkje og utvikle kunnskap og kompetanse blant aktørane i lokalsamfunnet
Målgruppa er barn og unge i familiar/barnefamiliar som mottek bistand frå sosialtenesta.
Ungdom mellom 18-24 år kan også bli vurdert som målgruppe. Tiltak overfor barn og unge når foreldra deltek i Kvalifiseringsprogrammet, og tiltak retta mot barn, unge og familiar med innvandrarbakgrunn, vil bli prioriterte.
Midlane kan brukast til:
- tiltak som siktar mot at barn og unge blir inkluderte på viktige sosiale arenaer som barnehage, skulefritidsordning og i ferie- og fritidsaktivitetar
- tiltak overfor ungdom opp til 24 år som ikkje er under utdanning eller i arbeid
- tiltak overfor heile familien i form av motivasjon, råd, rettleiing og aktivitetar
- kompetanseheving blant tilsette og frivillige aktørar i lokalsamfunnet
- å utvikle og forankre ein kommunal handlingsplan for å førebyggje og redusere fattigdom og sosial eksklusjon blant barn, unge og barnefamiliar
Midlane skal ikkje erstatte stillingar eller tenester som allereie eksisterer i kommunen.
Vilkår for tildeling i 2012
Målgruppa skal vere i samsvar med ei eller fleire av målgruppene for satsinga. Betre samordning av tiltak (mellom barnevernstenesta, NAV/sosialtenesta, skule, helsetenester, barnehagar, frivillige, oppfølgingstenesta og ev. andre) vil bli vektlagt. Kommunar som utarbeider og forankrar ein kommunal handlingsplan i løpet av prosjektperioden, vil bli prioriterte. Tiltaka skal vere forankra slik at kommunen forpliktar seg til å vidareføre tiltaka etter at statlege midlar tek slutt, og må ha en eigendel på minst 20 prosent i tilskotsperioden.
Midlane blir tildelte for eitt år om gongen, som hovudregel inntil tre år, maksimalt fire. Søknadene skal vurderast med omsyn til kor mange innbyggarar som lever under grensa for låg inntekt, og utifrå kommune-/statrapporteringa – KOSTRA (sjå særskilt skjema 11 og 11c).
Saksgang
Utfylt søknadsskjema skal sendast Fylkesmannen i det enkelte fylke. Bydelar i Oslo sender søknad via Byrådsavdeling for eldre og sosiale tenester. Søknader som blir sendte utan godkjent elektronisk signatur, må også sendast inn per brev.
Fylkesmannen sender ei prioritert oversikt til Arbeids- og velferdsdirektoratet. Utvalet av tilskotskommunar blir gjort i møte mellom Fylkesmannen og Arbeids- og velferdsdirektoratet.
Søknadsfrist: 1. februar 2012
Dersom du har spørsmål, ta kontakt med Fylkesmannen i fylket ditt.
Relatert innhold
- Regelverk barnefattigdom - nynorsk (pdf)
- Søknadsskjema barnefattigdom - nynorsk (pdf)
- Utlysning av midler 2012 - barnefattigdom (bokmål)

