Rogaland manglar 4600 tilsette

Årets bedriftsundersøking viser ei markant auke i mangelen på arbeidskraft i Rogaland. Bedriftene og verksemdene melder at dei manglar 4 600 tilsette. Dette er 2 800 fleire enn i 2018.

NAV Rogaland sin årlege bedriftsundersøking kartlegg etterspurnadsiden i arbeidsmarknaden. Undersøkinga gir eit augeblikksbilete av etterspurnaden etter arbeidskraft og eventuelle vanskar med å skaffe etterspurt kompetanse. I tillegg gir den innsikt i bemanningsbehovet dei neste 12 månadene.

Talet 4600 er personar til stillingar som bedrifter og verksemder har forsøkt å rekruttera til, men der det ikkje har lukkast  bedriften å rekruttera. 850 private og offentlege bedrifter og verksemder i Rogaland har deltatt i NAV si undersøking, som vart avslutta i mars 2019. Svarprosenten var 62 prosent.

Funn frå undersøkinga:

  • Det er størst mangel etter sjukepleiarar og andre helseyrke, programvare-utviklarar og ingeniørar innan petroleum, bergverk og metallurgi.
  • Fleire bedrifter forventar å bemanne opp i løpet av dei neste 12 månadene. Dette gjeld spesielt bergverksdrift og utvinning (olje og gassektoren), bygg- og anlegg og industrisektoren.

Totalt har 19 prosent av verksemdene i årets undersøking rekrutteringsutfordringar.

 Bedriftsundersøkinga Mai 2019 NAV Rogaland

Les meir om situasjonen i Rogaland til høgre, under relatert innhald.

Sjå også NAVs bedriftsundersøking for Noreg.