– Nivået var allereie lågt i dei to fylka og det er gledeleg at reduksjonen held fram, fortel Anne Kverneland Bognes, direktør NAV Vestland.

– Likevel har vi ei stor utfordring når vi har 2000 unge menneske med psykisk diagnose som treng omfattande bistand for å kome tilbake til utdanning eller arbeid i fylka våre, legg ho til.

Dei gode tidene med stor etterspurnad etter arbeidskraft bidreg positivt til denne utviklinga.  Talet på mottakarar fall med 1330 (10,4 prosent) i Hordaland og 301 (12,4 prosent) i Sogn og Fjordane. 

– Vi registrerer reduksjon i alle fylka, men nedgangen hjå oss er særleg positiv ettersom prosentdel på AAP frå før er mellom dei lågaste i landet, seier Bogsnes.

Til PM AAP
Graf som viser utvikling av AAP


Prosentdel personar 18-66 år som mottek AAP, desember 2018.

Psykiske lidingar er den vanlegaste medisinske årsaka til nedsett arbeidsevne hjå dei som mottek AAP. Ved utgangen av desember 2018 hadde 41,9 prosent ei eller anna form for psykisk liding. Den andre store diagnosegruppa er muskel- og skjelettlidingar.

TIl PM AAP 2

 Mottakarar av AAP etter liding fordelt på alder. Nasjonale tal.  Desember 2018.  

Som figuren over syner har 69,5 prosent av personar under 30 år ei lett eller alvorleg psykisk liding på landsnivå. 

– Gitt at våre to fylke ligg på det nasjonale gjennomsnittet utgjer dette 1 925 menneske som kan miste både utdanning og sjansar i arbeidslivet med store konsekvensar for den enkelte. NAV prioriterer denne gruppa svært høgt, men vi er heilt avhengige av eit utvida samarbeid med utdanning, helse og arbeidsliv for å snu denne utviklinga. Ny arbeidsmetodikk med parallell bistand frå til dømes helse, arbeidsgjevar og NAV syner at det nyttar sjølv for personar med tunge psykiske lidingar. Det er lovande, avsluttar Bognes.

For kommentar til meldinga, kontakt:
• Anne Kverneland Bogsnes, direktør NAV Vestland, mobil 905 21 059
• Frode Henden, kommunikasjonsrådgjevar NAV Vestland, mobil 918 35 704