Uroa over mangel på kvalifisert arbeidskraft

Heile 34 av dei 59 kommunane i Hordaland og Sogn og Fjordane har under 1,5 prosent ledige.

I juni var arbeidsløysa i Hordaland og Sogn og Fjordane til saman på 2,0 prosent av arbeidsstyrken. Det er ein nedgang på over 900 personar i høve til juni i fjor.

Den sesongjusterte arbeidsløysa gjekk ned med om lag 170 personar i juni, samanlikna med mai.

NAV Hordaland og NAV Sogn og Fjordane slo seg saman til NAV Vestland frå nyttår, og har sidan gitt ut felles pressemelding om arbeidsmarknaden i dei to fylka.

I Hordaland er arbeidsløysa no på 2,2 prosent av arbeidsstyrken - ein nedgang på 927 personar i høve til i fjor, medan Sogn og Fjordane framleis har lågast arbeidsløyse i landet med 1,3 prosent. Tala som følgjer er tal for begge fylka samla.

Må ta grep

Direktør i NAV Vestland, Anne Kverneland Bogsnes seier at alvoret i konsekvensane av den låge arbeidsløysa er i ferd med å gå opp for mange av kommunane.

– Mange rådmenn vi er i kontakt med er uroa over manglande kvalifisert arbeidskraft. Reknestykket går ikkje opp når ein skal løyse alle oppgåvene i kommunen, og gjerne har verksemder som ønskjer å vekse, seier Bogsnes.

Regjeringa sin inkluderingsdugnad er eitt av forsøka på å møte denne utfordringa. Målet er å senke terskelen inn i arbeidslivet og gjere det lettare for arbeidsgjevarar å tilsette personar som står utanfor arbeidslivet.

– Eg har sagt det før, og eg seier det igjen; inkluderingsdugnaden er ikkje eit idealistisk prosjekt, men eit naudsynt grep for å sikre ein framleis godt fungerande velferdsstat, seier Bogsnes.

Det er flest ledige innan butikk- og salsarbeid (841), industriarbeid (738) og bygg og anlegg (703), medan det er færrast ledige innan akademiske yrke (110), innan jordbruk, skogbruk og fiske (122) og blant leiarar (171).

Tolv kommunar under 1 prosent

Størst nedgang i arbeidsløysa utanfor Bergen finn vi denne månaden på Stord (-71 personar), i Fjell (-69 personar) og på Kvinnherad (-51 personar). I Bergen kommune er det no 3755 ledige, som er 435 færre enn i fjor.

I juni er det høgast arbeidsløyse i Selje (4,5 %), Modalen (3,3 %) og Sund (3,1 %) medan heile tolv av dei 59 kommunane i Hordaland og Sogn og Fjordane har mindre enn 1 prosent ledige.

Arbeidsløysa i heile Norge samla, er 2,1 prosent i juni.

Nøkkeltal for Vestland

 

Juni 2019

Endring frå juni 2018

Heilt ledige

6847

-918

I prosent av arbeidsstyrken

2,0 %

-12 %

Langtids arbeidssøkarar

3488

-16 %

Ledig ungdom under 25 år

1029

0,3 %

Tilgang på ledige stillingar

3812

4 %


I november 2018 opna NAV ein ny registreringsløysing for alle som registrerar seg som arbeidssøkarar på nav.no. Den nye løysinga gjer det både enklare og raskare å registrere seg som arbeidssøkar, og inneber mellom anna at arbeidssøkarane kjem raskare inn i statistikken. Endringa fører til eit brot i statistikken slik at tala ikkje kan samanliknast med tidlegare periodar. Dei sesongjusterte tala justerte og kan difor samanliknast med tidlegare periodar.


For kommentar til meldinga, kontakt:

Anne Kverneland Bogsnes, direktør i NAV Vestland, mobil 905 21 059
Frode Henden, kommunikasjonsrådgjevar, mobil 918 35 704
Birgitte B. Lygre, kommunikasjonsrådgjevar, mobil 90 50 70 96