Finn svar på nav.no

Du kan få svar på mykje utan å kontakte NAV.

Ytingar og ordningar

Vel i hovudmenyen blant fanene "PERSON", "BEDRIFT" eller "NAV OG SAMFUNN". Du kan òg bruke søketenesta ved sidan av menyen.

Sjå også: Målrettet hjelp fra NAV

På jakt etter jobb?

I vegvisar for arbeidssøkjarar kan du velje situasjonen som passar best for deg, og utforske moglegheitene dine.
I stillingssøket kan du finne aktuelle stillingar. Du kan òg finne mange gode jobbsøkjartips.

Logg deg på Ditt NAV

Ditt NAV er ei sikker teneste via ID-porten. Når du loggar deg på, finn du opplysningar om saka di, og du kan ha ein skriftleg dialog med NAV. Du kan òg sende søknader og meldekort. Har du alderspensjon i kombinasjon med jobb, kan du endre uttaksgrada di.

Sjå film om kor enkelt du loggar inn på nav.no. Sjå også korleis du registrerer CV-en din på nav.no.

Du kan kontakte Teknisk brukarstøtte dersom du har problem med å logge deg på, eller det er tekniske problem på nav.no.

Utbetalingar og skattetrekk  

Informasjon om utbetalingane dine, medrekna brutto- og nettobeløp, skattetrekk, registrerte kontonummer m.m. finn du på Dine utbetalingar når du loggar deg på Ditt NAV. Oversikta viser berre statlege stønader, ikkje kommunale stønader.

Viss du lurer på når pengane dine kjem, sjå utbetalingsdatoar, feriepengar og skattetrekk. Bur du i utlandet, sjå kva som gjeld for utbetaling av ytingar til utlandet.  

Søknader og skjema

Dei fleste av NAVs skjema og søknader er tilgjengelege frå nav.no. Dei fleste kan bli sendt elektronisk dersom du loggar deg på med BankID. Du kan lett finne ut kor lang saksbehandlingstid det vanlegvis er på det du søkjer om.

For rettleiing om økonomisk sosialhjelp eller andre sosiale tenester kan du ringe NAV på 55 55 33 33, tasteval 1 Sosiale tenester. Oppheld du deg i Oslo må du ringe 21 80 21 80. Dersom du oppheld deg i Bergen, finn kontaktinformasjon til ditt NAV-kontor.

Med nokre få tastetrykk kan du søkje om alderspensjon i Din pensjon. Tida for saksbehandling er berre nokre minutt.

Nokre gonger må du sende vedlegg du berre har på papir. Dersom du ikkje har skannar kan du ta bilete av dokumentet, til dømes med mobiltelefonen din.

Saksbehandlingstid

Sjå oversikt over forventa saksbehandlingstid for dei fleste ytingane i NAV.

Sjå film om kor enkelt du kan følgje med på saka di eller søknaden din på nav.no.

Berekningskalkulator

Dersom du ønskjer å finne ut storleiken på barnebidrag, kan du nytte deg av bidragsrettleiaren. Lurer du på kva du vil få utbetalt i foreldrepengar, kan foreldrepengerettleiaren gi deg ein pekepinn. Dersom du logger deg på Ditt NAV, kan du rekne ut uføretrygd og inntekt, og alderspensjon.

Endre adresse eller kontonummer

Du kan endre adresse og kontonummer ved å logge deg på Ditt NAV.

Til eller frå utlandet?

Medlemskap i folketrygda er nøkkelen til rettar frå NAV. I Noreg kan du vere medlem som busett, eller som arbeidstakar. Du kan òg vere medlem i folketrygda under opphald i utlandet. Sjå våre internasjonale sider for meir informasjon om arbeid og opphald i Noreg, og arbeid og opphald i utlandet.

Kontakt oss i fleire kanalar

Finn du ikkje svaret på nav.no eller i Ditt NAV, kan du ta kontakt med oss på telefon. Våre erfarne rettleiarar kan svare på det meste. Vil du sende ei klage eller gi ros, kan du gjere dette utan å logge deg på.

Du finn NAV på sosiale medium. NAV har dessutan tre nettprat-tenester der vi svarer på generelle spørsmål og gi rettleiing:

Du kan òg finne ditt NAV-kontor.

Arbeidsgivarar og andre samarbeidspartnarar

Dersom du er arbeidsgivar, finn du informasjon under fana «BEDRIFT». Skjemaa for arbeidsgivar er samla på éin stad.

Under fana «NAV OG SAMFUNN», ligg relevant informasjon for blant anna legar og andre behandlarar og samarbeidspartnarar på hjelpemiddelområdet. Her ligg òg statistikk og analyser frå NAV.

Helsetenester og skatt

Dersom du har spørsmål om helsetenester som til dømes fastlege, tannlege eller frikort, må du inn på helsenorge.no. Dersom det gjeld transport til og frå sjukehus eller lege, finn du svaret på pasientreiser.no.

For spørsmål om skatt må du kontakte Skatteetaten.