Stabil arbeidsløyse i oktober

I oktober blei det registrert 100 færre heilt arbeidslause, ifølgje sesongjusterte tal frå NAV. Bruttoarbeidsløysa, som i tillegg inkluderer arbeidssøkjarar som tek del i arbeidsmarknadstiltak, var uendra sidan førre månad.

– Etter ein klar nedgang i arbeidsløysa dei første månadene i år, har det sidan mai vore mindre endringar. Ser vi dei siste seks månadene under eitt, har det berre vore ein liten nedgang i arbeidsløysa. Rekna i prosent av arbeidsstyrken, har arbeidsløysa halde seg relativt stabil på eit lågt nivå gjennom heile året, seier arbeids- og velferdsdirektør Sigrun Vågeng.

Talet for heilt arbeidslause utgjorde 2,2 prosent av arbeidsstyrken i oktober, justert for sesongvariasjonar, medan heilt arbeidslause og arbeidssøkjarar på tiltak utgjorde 2,7 prosent. Arbeidsløysa i prosent av arbeidsstyrken har ikkje vore så låg på over ti år.

Figur 1: Talet på heilt arbeidslause og bruttoarbeidsløysa (heilt arbeidslause og arbeidssøkjarar på tiltak). Sesong- og brotjusterte tal

ledighet okt 2019

Kjelde: NAV

Figur 2: Heilt arbeidslause og bruttoarbeidsløysa (heilt ledige og arbeidssøkjarar på tiltak) i prosent av arbeidsstyrken. Sesong- og brotjusterte tal

ledighet andel okt 2019

Kjelde: NAV

Tala vi omtaler under, er ikkje sesongjusterte. Endringstal er justerte for brotet i statistikken (sjå faktaboks).

Lågare arbeidsløyse enn for eitt år sidan

Ved utgangen av oktober var det registrert 59 500 heilt arbeidslause hjå NAV. Når vi justerer for brotet som innføringa av forenkla registrering førte til frå november 2018 (sjå faktaboks), svarar dette til ein nedgang på 5 400 personar samanlikna med oktober i fjor. Arbeidsløysa utgjer 2,1 prosent av arbeidsstyrken. 45 prosent av dei heilt arbeidslause fekk dagpengar i oktober.

Til saman var 73 800 personar registrerte som heilt arbeidslause eller som arbeidssøkjarar på tiltak hos NAV (bruttoarbeidsløysa) ved utgangen av oktober. Det er 6 200 færre enn i oktober i fjor. Bruttoarbeidsløysa utgjer 2,6 prosent av arbeidsstyrken.

Høgast arbeidsløyse innanfor reiseliv og transport

Ved utgangen av oktober var arbeidsløysa høgast innanfor reiseliv og transport, med 3,1 prosent av arbeidsstyrken. Arbeidsløysa var lågast innanfor undervisning og akademiske yrker, med 0,8 prosent av arbeidsstyrken.

Samanlikna med oktober i fjor og justert for brotet, var arbeidsløysa lågare i dei fleste yrkesgruppene. Nedgangen i talet på heilt arbeidslause er størst blant personar med bakgrunn frå reiseliv og transport, følgd av yrkesgruppene ingeniør- og ikt-fag og kontorarbeid.

Høgast arbeidsløyse i Østfold

Østfold har den høgaste arbeidsløysa ved utgangen av oktober, med 3,0 prosent av arbeidsstyrken. Deretter følgjer Vestfold med 2,6 prosent. Arbeidsløysa er lågast i Sogn og Fjordane med 1,2 prosent.

Arbeidsløysa er lågare i dei fleste fylka samanlikna med oktober i fjor. Nedgangen er
størst på Vestlandet, og aller størst i Hordaland (-21 %). Arbeidsløysa har gått noko opp i Akershus og Oppland og auka mest i Østfold (8 %).

Redusert arbeidsløyse i dei fleste aldersgrupper

Ved utgangen av oktober var arbeidsløysa høgast i aldersgruppa frå 20 til 24 år, med 2,9 prosent av arbeidsstyrken. Arbeidsløysa er lågast i aldersgruppa frå 50 til 59 år, med 1,5 prosent.

Samanlikna med oktober i fjor har arbeidsløysa gått ned i dei fleste aldersgrupper. Nedgangen var størst i aldersgruppa frå 40 til 49 år (-10 %), medan ho var uendra for dei under 20 år.

Færre nye ledige stillingar registrerte på nav.no

I løpet av oktober blei det registrert 36 600 nye ledige stillingar på nav.no. Dette er 6 prosent færre nye utlysingar per virkedag enn for eitt år sidan. Det var flest nye utlysingar innanfor helse, pleie og omsorg (6 700), ingeniør- og ikt-fag (4 900) og bygg og anlegg (3 700).

For mer informasjon, kontakt pressevakten hos NAV på e-post: presse@nav.no. 

Hovedtall arbeidsmarkedet - oktober 2019 (pdf)
Sesongjusterte hovedtall om arbeidsmarkedet - oktober 2019 (pdf)
Helt ledige etter fylke og kommune - oktober 2019 (pdf)
Hovedtall om arbeidsmarkedet oversiktsside
Arbeidsmarkedet nå - oktober 2019 (pdf)

Fakta

Spesielle forhold
I november 2018 lanserte NAV ei ny registreringsløysing for alle som registrerer seg som arbeidssøkjarar på nav.no. Registreringa er mindre omfattande enn før, og ho går også automatisk. Tidlegare måtte rettleiarane hos NAV godkjenne nye arbeidssøkjarar manuelt. Den nye løysinga gjer at arbeidssøkjarar kjem raskare inn i statistikken enn tidlegare. Det fører til at det blir fleire heilt arbeidslause i statistikken. Brotet skjedde gradvis i november, desember og januar. Samla brot blir estimert til seks prosent fleire heilt arbeidslause.

Sjå også nærare omtale i Om statistikken - Arbeidssøkere - www.nav.no.

Sesongjusterte tal
Arbeidsløysa følgjer gjerne eit fast mønster gjennom året, såkalla sesongvariasjonar. Til dømes aukar alltid arbeidsløysa frå desember til januar, på grunn av at mange kontraktar går ut ved nyttår. Ho aukar også om sommaren når mange nyutdanna skal inn på arbeidsmarknaden. For å korrigere for desse faste svingingane og finne den underliggjande trenden på arbeidsmarknaden, blir det brukt sesongjusterte tal. Dei sesongjusterte tala er korrigerte for brotet i november. For meir informasjon om metoden som blir brukt, sjå Om statistikken.