1048 personar melde for trygdesvindel i 2017

NAV har meldt trygdesvindel for til saman 187 millionar kroner i 2017. Dei fleste av meldingane til politiet gjeld dagpengar og arbeidsavklaringspengar (AAP).

Nesten 90 prosent av sakene blir etterforska av politiet. Dei fleste som har svindla NAV, kan vente seg ein straffereaksjon. Dei siste fem åra er delen saker som blir lagt bort av politiet halvert, og no blir under 12 prosent av sakene lagt bort. Berre to prosent av sakene som blir behandla i domstolane endar med frifinning.

– Trygdesvindel er alvorleg kriminalitet og bryt ned tilliten til velferdsordningane. Vi er difor svært fornøgde med politiet sitt arbeid i våre saker, seier arbeids- og velferdsdirektør Sigrun Vågeng.

Tverretatleg samarbeid

NAV samarbeider tett med andre etatar for å avdekkje organisert økonomisk kriminalitet.

Eit samarbeid mellom etatar i dei samlokaliserte einingane mot arbeidslivskriminalitet, og i andre saker med systematisk eller organisert svindel, er heilt avgjerande for å avdekkje slike verksemder.

I 2017 har NAV meldt 67 personar til politiet for trygdesvindel knytt til arbeidslivskriminalitet. I tillegg vart 14 personar melde for medverknad.

Den største saka er i Akershus på 5,9 millionar kroner. Saka gjeld ein arbeidsgivar som har bidrege til at mange personar med fiktive arbeidsforhold har fått utbetalt dagpengar, foreldrepengar og sjukepengar.

Infografikk trygdesvindel 3. tertial

Kilde: NAV. Last ned figuren i full størrelse (png)

Dagpengar og AAP på topp

964 personar er politimelde for å ha svindla med dagpengar og AAP. Begge ytingane skal vere inntektssikring når ein står utanfor arbeidslivet i ein periode. Dei fleste er melde for svindel fordi dei har arbeidd og fått ei lønn som ikkje lar seg kombinere med ytinga.

– Velferdssystemet er eit tryggingsnett for dei som kjem i ein vanskeleg livssituasjon. Difor er det alvorleg når nokre misbrukar ordningane ved å unnlate å melde frå om at dei er i arbeid, samtidig som dei får ytingar frå NAV, seier Sigrun Vågeng.

For meir informasjon, kontakt pressevakta på telefon 400 03 144.