73 prosent fleire alderspensjonistar i utlandet på ti år

Det er no 48 400 alderspensjonistar i utlandet som får alderspensjon frå NAV. I 2018 fekk alderspensjonistar i utlandet 4,4 milliardar i alderspensjon.

Nye tal frå NAV viser at stadig fleire alderspensjonistar er busett i andre land. I juli 2009 var det 27 900 som budde fast eller mellombels i andre land. Sidan då har talet auka med 73 prosent. Dei siste fem åra har talet auka med 25 prosent.

– Vi ser at stadig fleire personar frå andre land har arbeidd i Noreg i nokre år og tent opp rett til alderspensjon frå NAV. Dette gjeld særleg borgarar i EU/EØS-landa. I tillegg vel ein god del nordmenn å flytte til andre land etter dei har tatt ut alderspensjon, seier seksjonssjef i NAV, Ole Christian Lien.

Mest til Sverige, Spania og Danmark

NAV sitt rekneskap for 2018 viser at 4,4 milliardar kroner vart utbetalt i alderspensjon til alderspensjonistar i utlandet. Mest pengar vart utbetalt til Sverige, kor alderspensjonistar tok imot 1 455 millionar kroner. Deretter følgde Spania og Danmark med høvesvis 517 og 427 millionar kroner i 2018.

Får lågare alderspensjon

I juli 2019 var gjennomsnittleg utbetaling til alderspensjonistar busett i utlandet 7 800 kroner. Gjennomsnittet for alle alderspensjonistar var i same periode 20 500 kroner.

– Fire av fem alderspensjonistar busett i utlandet har ikkje vore medlemmer av folketrygda lenge nok til å oppnå full trygdetid på 40 år, derfor blir utbetalingane lågare. Til gjengjeld får mange av dei i tillegg pensjon frå andre land, seier Lien.

Fire av ti mottakarar av alderspensjon i utlandet er norske statsborgarar. Til saman fekk dei 63 prosent av alle pensjonsutbetalingar frå NAV til utlandet.

– Det viser at dei utanlandske statsborgarane oftare har budd berre deler av yrkeskarrieren sin i Noreg, og dermed har lågare opptening enn norske statsborgarar, legg Lien til.

Ventar betydeleg auke

NAV ventar ein betydeleg auke i talet på alderspensjonistar busett i utlandet på sikt.

– Vi veit at mange EØS-borgarar har hatt arbeidsforhold i Noreg i dei siste tiåra. Mange har flytta heim igjen eller er venta å gjere det. Med tida vil dei nå aldersgrensa for uttak av alderspensjon og få rett til pensjon frå Noreg. Vi anslår at det for tida er om lag 300 000 personar under 67 år som har utvandra frå Noreg og som tidlegare har vore i jobb her, seier Ole Christian Lien.

For meir informasjon, kontakt pressevakta i NAV på telefon 400 03 144.

Statistikk alderspensjon

Statistikk utbetalinger til utlandet

201909 - IG - Alderspensjon til utlandet - nynorsk - FERDIG