Din pensjon

Nettenesten Din pensjon gjev deg god oversikt over eigen pensjon. Her kan du blant anna sjå oppteninga di, berekne den framtidige alderspensjonen din (tidlegare kalla serviceberekning), søkje om pensjon elektronisk og få oversikt over utbetalingsdatoar.

Logg inn i Din pensjon

Kva kan eg gjere i Din pensjon?

  • Få oversikt over eiga pensjonsopptening i folketrygda, eventuell AFP , og den opptente tenestepensjonen din frå dei største offentlege og private leverandørane av tenestepensjon.
  • Berekne framtidig alderspensjon frå folketrygda (tidlegare kalla serviceberekning) – både etter dagens og gamalt regelverk for alderspensjon. Du kan også berekne AFP og tenestepensjon frå dei største offentlege og private leverandørane.
  • Leggje til eventuelle individuelle spareavtaler
  • Søkje om alderspensjon frå folketrygda elektronisk
  • Endre grada på alderspensjon
  • Setje i gang igjen, eller stoppe utbetalinga av alderspensjon
  • Lagre dei ulike berekningane og samanlikne desse.
  • Oppdatere pensjonsopplysningar og kontaktinformasjon.
  • Laste ned førehandsutfylte søknadsskjema
  • Gje fullmakt til å lese informasjon, berekne pensjon og endre visse opplysningar.

Prøv forenkla pensjonskalkulator

Dersom du ikkje har moglegheit til å logge deg inn i Din pensjon kan du nytte ein forenkla pensjonskalkulator som gjer berekningar utan bruk av personlige data.

Kven kan bruke Din pensjon?

Er du fylt 18 år kan du gjere berekningar.

Krav til innlogging

ID-porten er ei felles innloggingsløysing til offentlege tenester på nett, og gjev tilgang til sjølvbetente tenester i NAV. Du kan logge inn med BankID, MinID, Buypass eller Commfides.

difi.no finn du informasjon om korleis du skaffar deg elektronisk ID.