Informer NAV så tidleg som mogleg

Ein arbeidsgivar som vurderer å gå til masseoppseiingar skal så tidleg som mogleg melde dette til NAV. Meldeplikta skal sikre at NAV kan hjelpe verksemda og dei arbeidstakarane som er råka. Med masseoppseiingar meiner ein at minst 10 arbeidstakarar blir sagde opp innanfor eit tidsrom på 30 dagar. Når ein arbeidsgivar planlegg masseoppseiingar vil den tidlegast gjelde  30 dagar etter at NAV har fått melding.

Arbeidsgivaren  skal gi tilsvarande melding til NAV dersom minst 10 arbeidstakarar vil bli permittert utan lønn, eller vil få arbeidstida si kvar veke redusert med meir enn 50 prosent i meir enn fire veker.

Sjå arbeidsmarknadslova § 8 og arbeidsmiljølova § 15-2 for meir informasjon om arbeidsgivaren si meldeplikt ved masseoppseiingar og permitteringar. Skjemaet Arbeidsgivars meldeplikt til NAV ved masseoppseiingar, permitteringar utan lønn og innskrenking i arbeidstida som de kan nytte når de sender inn meldinga.

Skjemaet (meldinga om oppseiing) skal de sende til NAV i det fylket verksemda ligg. Dersom verksemda er spreidd over fleire fylke, er det tilstrekkeleg at arbeidsgivaren gir melding til NAV i det fylket der verksemda har hovudkontoret sitt.

Meldeplikt til fylkeskommunen etter omstillingslova

Dersom ein arbeidsgivar har planar om å leggje ned ei verksemd der det har arbeidd minst 30 tilsette dei siste 12 månadene, eller har planer om å seie opp meir enn ni tidelar av dei tilsette, skal arbeidsgivaren også sende inn melding om dette til fylkeskommunen.

Sjå omstillingslova § 3 om kva opplysningar ei slik melding skal innehalde.

Samhandling med NAV

Når NAV har fått melding om masseoppseiingar eller permittering kontaktar NAV verksemda, for å avtale eit snarlig møte med leiinga i verksemda og dei tilsette sine tillitsvalde.

Formålet er å avklare situasjonen, informere om kva slag bistand NAV kan gi tilsette som er oppsagde eller permitterte, og diskutere moglege løysingar. NAV og verksemda skal også avtale vidare samhandling.

Les også om omstilling og nedbemanning.

Bistand til  arbeidstakarar som er råka

Ved masseoppseiingar og permitteringar kan NAV tilby dei arbeidstakarane som er råka

  • felles informasjonsmøte om arbeidsmarknaden og ledige stillingar, og om NAV sine tenester: Korleis du registrerer deg som arbeidssøkjar, korleis du søkjer om dagpengar, sjølvbeteningstenester på nav.no og informasjon om andre verkemiddel som NAV har.
  • til opplæring av dei tilsette i verksemda ved større omstillingar, har NAV tiltak som Bedriftsintern opplæring (BIO) og Opplæring (AMO). Sjå meir under Relatert informasjon.

Varsel til dei tilsette og lønnsplikt ved permittering

Dei tilsette skal normalt ha varsel om permitteringa seinast 14 dagar før permitteringa tek til å gjelde. Ved uføreseielege hendingar er fristen normalt to dagar.

  • Permitteringsvarselet skal vere datert, angi varselfrist, permitteringsårsak, permitteringsgrad, permitteringsperiode og kva dagar arbeidsgjevar har lovpålagd lønnsplikt. 
  • Arbeidsgivaren har ansvar for at det blir lagt fram protokoll frå forhandlingsmøte med dei tilsette, eller annan tilsvarande dokumentasjon. Det skal gå fram kva arbeidsgivaren har gjort for å unngå permittering, og at arbeidsgivaren på denne måten har gjort det som er rimeleg å vente.
  • Reglane i Hovudavtala dannar mønster for korleis permitteringssaker skal behandlast i verksemder som ikkje er omfatta av avtala og ikkje har eige tillitsvalgtsapparat.

I rundskrivet om dagpengar ved permittering står det meir om krava til arbeidsgivaren ved permittering. Semje mellom partane om desse punkta blir tillagt vekt:

  1. om permitteringa er sakleg grunna innanfor rammene i Hovudavtalen.
  2. om permitteringa skuldast mangel på arbeid eller andre forhold som arbeidsgivaren ikkje kan påverke
  3. om arbeidsgivaren har gjort det som er rimeleg å krevje for å unngå permitteringa

Alle desse tre punkta, og om det er semje mellom partane, er viktig å dokumentere i protokollen.

Les også om dagpengar ved permittering. Under Regelverk finn du lov om lønnsplikt.