Utgangspunktet for den aktuelle månadsinntekta 

Det er arbeidsinntekta som kjem fram i inntektsmeldinga, som er utgangspunktet når vi fastset den aktuelle månadsinntekta.

Inntekt som er resultat av arbeidsinnsatsen til arbeidstakaren

Skal ei inntekt vere med i berekninga av månadsinntekta, må ho vere eit resultat av arbeidsinnsatsen til arbeidstakaren. Inntekta må også ha falle bort på grunn av arbeidsuførleiken.

Lønnsinntekt og bonus

Med lønnsinntekt meiner vi kontaktytingar som fastlønn og timelønn.

Bonus som er direkte knytt til innsatsen eller resultata til arbeidstakaren, skal vere med i berekningsgrunnlaget. Det er ein føresetnad at bonusen fell bort under sjukefråværet. Bonus omfattar for eksempel resultatbonus, deling av overskot og gratiale.

Prosentlønn, provisjon og akkordlønn er ikkje sett på som bonus, og skal alltid vere med i berekninga av sjukepengegrunnlaget.

Tillegg for ulagleg arbeidstid og ulempetillegg for spesielle arbeidsforhold

Somme arbeidstakarar har tillegg for ulagleg arbeidstid eller ulempetilleg for spesielle arbeidsforhold. Ulempetillegg kan for eksempel vere turnustillegg, skifttillegg eller utetillegg. Utetillegg blir utbetalt til personar som gjer teneste i utlandet. Tillegg for ulagleg arbeidstid og ulempetilleg for spesielle arbeidsforhold vurderer vi som ein del av den ordinære lønna arbeidstakaren får. Tillegga skal derfor vere med når det aktuelle månadsinntekta blir berekna.

Godtgjering for 1. og 17. mai og glidande helgedagar

Godtgjering for 1. og 17. mai og glidande helgedagar skal vere med i berekninga av månadsinntekta.

Utgiftsgodtgjeringar

Godtgjeringar som skal dekkje utgifter knytte til det å utføre arbeidet, skal vere med i berekninga dersom dei fører til overskot. Dette overskotet reknar vi som ein del av lønnsinntekta. Overskotet får den same verdien som blir brukt ved forskotstrekk av skatt. Det er det trekkpliktige beløpet som arbeidsgivaren rapporterer til a-ordninga, som skal vere med i sjukepengegrunnlaget.

Utgiftsgodgjeringar omfattar for eksempel diettgodtgjering, bilgodtgjering, verktøygodtgjering og smussgodtgjering. Dette kan også omfatte andre utgiftsgodtgjeringar.

Overtidslønn

Overtidsgodtgjering skal som hovudregel ikkje reknast med som ein del av berekningsgrunnlaget. Overtidslønn er inntekt som er opparbeidd utover den alminnelege arbeidstida.

Godtgjering for fast overtid skal rapporterast til a-ordninga som fast tillegg. Det skal du ta med i berekningsgrunnlaget.

Feriepengar og naturalytingar

Feriepengar

Feriepengar skal ikkje vere med i berekninga av den aktuelle månadsinntekta.
Dersom det er betalt ut feriepengar i staden for lønn i berekningsperioden, eller dersom det er avvikla ferie utan lønn, skal du setje berekningsgrunnlaget lik den ordinære lønna personen ville ha hatt dersom det ikkje hadde blitt avvikla ferie.

Naturalytingar

Fell naturalytinga bort frå den første fråværsdagen, skal beløpet ho utgjer, vere med i berekningsgrunnlaget. Dette beløpet skal også reknast med når det blir vurdert om det ligg føre 25 prosent avvik.

Dersom naturalytingane tek slutt i perioden med sjukmelding, skal dei vere med i berekninga av sjukepengar frå det tidspunktet dei fell bort. Naturalytingane blir berekna med den verdien som blir nytta ved forskotstrekk av skatt. For at naturalytingane som har falle bort, skal kunne vere med i berekningsgrunnlaget, må Arbeids- og velferdsetaten få melding om bortfallet.