– Korrigert for normale sesongsvingingar har det den siste månaden blitt 13 færre arbeidslause i Møre og Romsdal. Det vil seie at arbeidsløysa har vore heilt stabil dei siste to månadane, seier direktør Stein Veland.

– Gjennom 2019 har det blitt 412 færre arbeidslause. Utviklinga dei siste åra har vore betre i Møre og Romsdal enn i landet. Figuren nedst på sida syner at me hadde klart høgare arbeidsløyse enn landet ved starten av 2017. Det tok omtrent eit halvt år før vi var på same nivå, noko som heldt seg gjennom heile 2018. I år har Møre og Romsdal fått gradvis lågare arbeidsløyse samanlikna med landet. Det siste året er det berre Hordaland av fylka som har hatt større reduksjon i arbeidsløysa enn oss, avsluttar Veland.

Les heile pressemeldinga om arbeidsmarknaden for desember 2019 i Møre og Romsdal

Pressemelding om arbeidsmarkedet i desember 2019 for hele landet