I april gjekk den sesongjusterte arbeidsløysa ned med om lag 180 personar, samanlikna med mars. 
NAV Hordaland og NAV Sogn og Fjordane slo seg saman til NAV Vestland frå nyttår, og har sidan gitt ut felles pressemelding om arbeidsmarknaden i dei to fylka.  
 
I Hordaland er arbeidsløysa no på 2,4 prosent av arbeidsstyrken - ein nedgang på 1103 personar i høve til i fjor, medan Sogn og Fjordane framleis har lågast arbeidsløyse i landet med 1,5 prosent. Tala som følgjer er tal for begge fylka samla. 

Spent på utviklinga

Det går framleis godt i arbeidsmarknaden i Vestland, og direktør i NAV Vestland, Anne Kverneland Bogsnes er glad for arbeidsløysa for gruppa unge arbeidssøkarar under 25 år går ned med 10 %, eller rundt 100 personar samanlikna med i fjor. 
 
– Det har tatt litt tid før den gode utviklinga i marknaden har nådd dei unge arbeidssøkarane, men no kan det sjå ut som om også denne gruppa nyt godt av gode tider. Det blir spanande å sjå om denne utviklinga held fram, seier Bogsnes. 

Store geografiske forskjellar

Det er flest ledige innan industriarbeid (924), butikk- og salsarbeid (883) og bygg og anlegg (686), medan det er færrast ledige innan akademiske yrke (109), innan jordbruk, skogbruk og fiske (152) og blant leiarar (176). 
 
Størst nedgang i arbeidsløysa utanfor Bergen finn vi denne månaden i Fjell (-112 personar), på Stord (-88 personar) og på Askøy (-87 personar). I Bergen kommune er det no 3967 ledige, som er 498 færre enn i fjor. 
 
I april er det høgast arbeidsløyse i Selje, (4,3 %), Austrheim (3,6 %), Øygarden og Vågsøy (begge 3,4 %), medan Hornindal, Vik, Balestrand, Leikanger, Luster, Fjaler, Gloppen og Gaular (mindre enn 1 prosent) har færrast ledige i dei to fylka. 
 
Arbeidsløysa i heile Norge samla, er 2,3 prosent i april. 
 
 
 

April 2019

Endring frå April 2018

Heilt ledige

7436

-1105

I prosent av arbeidsstyrken

2,4 %

-13 %

Langtids arbeidssøkarar

3724

-15 %

Ledig ungdom under 25 år

1043

-10 %

Tilgang på ledige stillingar

5533

15 %

 
I november 2018 opna NAV ein ny registreringsløysing for alle som registrerar seg som arbeidssøkarar på nav.no. Den nye løysinga gjer det både enklare og raskare å registrere seg som arbeidssøkar, og inneber mellom anna at arbeidssøkarane kjem raskare inn i statistikken. Endringa fører til eit brot i statistikken slik at tala ikkje kan samanliknast med tidlegare periodar. Dei sesongjusterte tala justerte og kan difor  samanliknast med tidlegare periodar. 
 
 

For kommentar til meldinga, kontakt: 

Anne Kverneland Bogsnes, direktør i NAV Vestland, mobil 905 21 059 
Birgitte B. Lygre, kommunikasjonsrådgjevar, mobil 90 50 70 96