I mars gjekk den sesongjusterte arbeidsløysa ned med om lag 360 personar, samanlikna med februar. Tek vi med personar i arbeidsmarknadstiltak, er nedgangen på rundt 300 personar.

NAV Hordaland og NAV Sogn og Fjordane slo seg saman til NAV Vestland frå nyttår, og har sidan gitt ut felles pressemelding om arbeidsmarknaden i dei to fylka.

I Hordaland er arbeidsløysa no på 2,5 prosent av arbeidsstyrken - ein nedgang på 1202 personar i høve til i fjor, medan Sogn og Fjordane framleis har lågast arbeidsløyse i landet med 1,7 prosent. Tala som følgjer er tal for begge fylka samla.

Nye utfordringar ventar

Direktør i NAV Vestland, Anne Kverneland Bogsnes, er glad for å sjå at det går svært godt i arbeidsmarknaden for tida, men ser også nokre utfordringar.

– Kontrastane er store med tanke på situasjonen vi var i for kort tid sidan. No har vi kome i ei situasjon der utfordringa framover kan bli mangel på kvalifisert arbeidskraft, seier Bogsnes.

Ho er særskilt opptatt av det aukande behovet for arbeidskraft innan helsesektoren.
I mars er det utlyst over 1000 stillingar innan helse, pleie og omsorg, 10 prosent fleire enn same tid i fjor. I snitt er det utlyst rundt 1200 stillingar i månaden innan helse i Hordaland og Sogn og Fjordane i år.

– Vi har høyrt eksempel på at arbeidsgjevarar opplever å ikkje få søkarar til stillingar som blir lyst ut, seier Bogsnes.

Berre ti prosent av dei som arbeider i helsesektoren, er menn. I det høvet har NAV, i samarbeid med fleire andre offentlege instansar nyleg starta prosjektet «Menn i helse» i Hordaland, som skal gi arbeidsledige menn ein ny sjanse i arbeidslivet – i helsesektoren.

Svært gode resultat

Prosjektet har svært gode resultat andre stadar i landet, og 92 prosent av deltakarane som har teke fagbrev har i dag ein relevant jobb dei kan leve av.

– 100 menn møtte opp på det første informasjonsmøtet vårt, og no står vi igjen med 30 svært motiverte personar som skal gjennom 12 veker som helserekruttar, før 20 av dei blir plukka ut til eit tilpassa utdanningsløp for å ta fagbrev som helsefagarbeidar, seier Bogsnes.

Ho meiner «Menn i helse» er eit godt eksempel på korleis NAV kan vere med å bidra til å kvalifisere arbeidskraft til bransjar der det er behov for dei.

– NAV ønskjer å etablere endå betre kontakt med arbeidslivet for å få meir kjennskap til behova framover. Vi må sjå om det er mogeleg å etablere liknande konsept som «Menn i helse» innan andre sektorar, seier Bogsnes.

Store geografiske forskjellar

Det er flest ledige innan industriarbeid (990) bygg og anlegg (984), og reiseliv og transport (860), medan det er færrast ledige innan akademiske yrke (119), blant leiarar (160), og innan jordbruk, skogbruk og fiske (167).

Størst nedgang i arbeidsløysa utanfor Bergen finn vi denne månaden i Fjell og på Askøy (-104 personar begge stadar). I Bergen kommune er det no 4148 ledige, som er 660 færre enn i fjor.

I mars er det høgast arbeidsløyse i Sund (4 %), Øygarden (3,8 %) og Austrheim, medan Hornindal Gloppen og Gaular (mindre enn 1 prosent) har færrast ledige i dei to fylka.

Arbeidsløysa i heile Norge samla, er 2,4 prosent i mars.

Nøkkeltal for Vestland

 

Mars 2019

Endring frå mars 2018

Heilt ledige

7874

-1206

I prosent av arbeidsstyrken

2,4 %

-13 %

Langtids arbeidssøkarar

3605

-17 %

Ledig ungdom under 25 år

1184

0,5 %

Tilgang på ledige stillingar

4942

18 %

I november 2018 opna NAV ein ny registreringsløysing for alle som registrerar seg som arbeidssøkarar på nav.no. Den nye løysinga gjer det både enklare og raskare å registrere seg som arbeidssøkar, og inneber mellom anna at arbeidssøkarane kjem raskare inn i statistikken. Endringa fører til eit brot i statistikken slik at tala ikkje kan samanliknast med tidlegare periodar. Dei sesongjusterte tala justerte og kan difor  samanliknast med tidlegare periodar. 

For kommentar til meldinga, kontakt:

Anne Kverneland Bogsnes, direktør i NAV Vestland, mobil 905 21 059
Frode Henden, kommunikasjonsrådgjevar, mobil 918 35 704
Birgitte B. Lygre, kommunikasjonsrådgjevar, mobil 90 50 70 96