Til saman 913.762 dagsverk gjekk tapt i Vestland i 1. kvartal fordelt på Hordaland (763.049) og Sogn og Fjordane (150.713). Dette svarar til om lag 4000 tapte årsverk.

Det er framleis høgast sjukefråvær innan helse- og sosialtenester i begge fylka, Hordaland med 8,1 prosent og Sogn og Fjordane med 7,7 prosent.

– Treff godt i Vestland

Direktør i NAV Vestland, Anne Kverneland Bogsnes fortel at det er fleire bransjar innan helse blant dei sju bransjane som partane i IA-avtala no skal rette innsatsen mot for å redusere sjukefråvær og fråfall. Dei sju bransjane er sjukehus, sjukeheim, barnehagar, leverandørindustrien - olje og gass, næringsmiddelindustrien, rutebuss og persontrafikk og bygg og anlegg

– Både erfaring og førebels analyser av sjukefråværet i Vestland, visar at dette treff godt med tanke på korleis sjukefråværet ser ut i våre fylke. Vi jobbar no med å kartlegge den enkelte verksemd i nemnde bransjar i kvar region. Bransjane har ulike utfordringar, og vi håpar å treffe betre med virkemidla når vi går spesifikt inn i kvar bransje, seier Bogsnes.

Det lågaste fråværet finn vi innan omsetning og drift av fast eigedom i Sogn og Fjordane (2,1 %) og i informasjons- og kommunikasjonsbransjen i Hordaland (2,9 %).

Flest muskel-/skjelettlidingar

Det er høgst sjukefråvær i aldersgruppa 55-64 år, og lågast blant dei under 25 år. Sjølv om denne gruppa har lågt fråvær er det òg blant dei yngste at fråværet aukar mest.

Det er høgast sjukefråvær på Radøy (7,5 %), Solund (7 %), Vaksdal og Gulen (begge 6,7 %). Kommunane med lågast sjukefråvær er Aurland (3,3 %), Fedje (3,7 %) og Fjaler (4 %).

Dei to klart største diagnosekategoriane i begge fylka er muskel-/skjelettlidingar og psykiske lidingar. Til saman utgjer desse om lag 60 prosent av alle sjukmelde.

Om lag 20,6 prosent av sjukmeldingane i Hordaland var gradert i dette kvartalet. Hordaland, Oslo har lågast del graderte sjukefråværstilfelle i landet. I Sogn og Fjordane er talet 25 prosent.

Det totale sesongjusterte sjukefråværet i landet er no på 5,9 prosent. Samanlikna med 4. kvartal 2018 var det ein auke i det eigenmelde sjukefråværet på 4,3 prosent, medan det legemelde auka med 0,6 prosent. Samla var det ein auke på 1,1 prosent.

 

For kommentar til meldinga, kontakt:

• Anne Kverneland Bogsnes, direktør i NAV Vestland, mobil 90 52 10 59
• Birgitte B. Lygre, kommunikasjonsrådgjevar i NAV Vestland, mobil 90 50 70 96