Sjukefråværet er litt høgare i Hordaland med 4,9 prosent samanlikna med Sogn og Fjordane som har 4,8 prosent.

Nær 700.000 dagsverk gjekk tapt i sjukefråvær i Vestland i 2. kvartal.

NAV Hordaland og NAV Sogn og Fjordane slo seg saman til NAV Vestland frå nyttår, og har sidan gitt ut felles pressemelding om sjukefråværet i dei to fylka. Tala som følgjer er tal for begge fylka samla.

Har kartlagt bransjane

Trass lågt sjukefråvær samanlikna med resten av landet, er det i Sogn og Fjordane at fråværet aukar mest i 2. kvartal (+ 10 %). Auken i Sogn og Fjordane er størst blant kvinner og innan psykiske lidingar.

Det høgste fråværet i Vestland finn vi innan helse- og sosialtenester (7,2 %), medan det er lågast fråvær innan informasjon- og kommunikasjonsarbeid (2,7 %).

Tidlegare i år blei der klart at det er sju bransjar som partane i IA-avtala no skal rette innsatsen mot for å redusere sjukefråvær og fråfall. Dei sju bransjane er sjukehus, sjukeheim, barnehagar, leverandørindustrien - olje og gass, næringsmiddelindustrien, rutebuss og persontrafikk og bygg og anlegg.

Direktør i NAV Vestland, Anne Kverneland Bogsnes seier NAV Vestland no har kartlagt alle bransjane for å få oversikt over korleis sjukefråværet ser ut i Hordaland og Sogn og Fjordane.

– Kartlegginga har gitt oss verdifull informasjon som visar at det er heilt riktig å gjere tiltak retta mot desse bransjane. Samstundes ser vi òg at dei har ulike utfordringar, og at fråværet varierer veldig innan kvar bransje, seier Bogsnes.

Innan rutebuss og persontrafikk varierer til dømes fråværet frå 16 prosent til fem prosent.

– Det syner at nokon har fått til dette med sjukefråværsoppfølging, medan andre kan hende treng hjelp for å målrette innsatsen slik at den treff betre. Det kan vere lurt for dei som har utfordringar å sjå til dei som har lukkast, seier Bogsnes.

Flest muskel-/skjelettlidingar

Det er høgst sjukefråvær i aldersgruppa 60-69 år (6,1 %), og lågast blant dei under 25 år.

Det er høgst sjukefråvær på Radøy (6,3 %), Samnanger (6,2 %), Øygarden og Gulen (begge 6,0 %). Kommunane med lågast sjukefråvær er Aurland (2,4 %), Balestrand (3,4 %) og Ulvik (3,5 %).

Dei to klart største diagnosekategoriane i begge fylka er muskel-/skjelettlidingar og psykiske lidingar.

Om lag 24,2 prosent av sjukmeldingane i Hordaland var gradert i dette kvartalet. Hordaland, Oslo og Rogaland har lågast del graderte sjukefråværstilfelle i landet. I Sogn og Fjordane er talet 30 prosent.

Det totale sesongjusterte sjukefråværet i landet er no på 5,9 prosent. Samanlikna med 1. kvartal 2019 var det ein svak nedgang i det eigenmelde sjukefråværet på -0,7 % prosent, medan det legemelde auka med 0,3 prosent.

 

For kommentar til meldinga, kontakt:

• Anne Kverneland Bogsnes, direktør i NAV Vestland, mobil 90 52 10 59
• Birgitte B. Lygre, kommunikasjonsrådgjevar i NAV Vestland, mobil 90 50 70 96
• Frode Henden, kommunikasjonsrådgjevar i NAV Vestland, mobil 918 35 704