Til saman 881.700 dagsverk gjekk tapt i Vestland i 4. kvartal fordelt på Hordaland (742.157) og Sogn og Fjordane (139.539). Dette svarar til om lag 4000 tapte årsverk.

Direktør i NAV Vestland, Anne Kverneland Bogsnes er nøgd med at sjukefråværet går ned. Samstundes seier Bogsnes at det er viktig å snakke om problemstillingar knytt til sjukefråværet. Det er særleg sjukefråvær knytt til psykiske lidingar Bogsnes er oppteken av.

– Å behalde arbeidstilhøvet eller kome i arbeid viser seg å vere ein svært viktig føresetnad for å bli frisk eller handtere kronisk sjukdom, seier Bogsnes.

Psykiske lidingar står for over 20 prosent av dei tapte dagsverka i Norge, og det har vore ein liten auke i lettare psykiske lidingar.

– Internasjonal forsking har vist at psykiske lidingar ofte er underrapportert som årsak til sjukmelding, og vi har difor grunn til å tru at den reelle delen sjukefråvær med psykiske lidingar er langt høgare, seier Bogsnes.

Forskjellar mellom kjønna

Kvinner er meir sjukmelde for psykiske lidingar enn menn, og det er i kategorien lettare psykiske lidingar at forskjellen er størst.

I følgje Folkehelseinstituttet vil ein tredel av den norske befolkninga få ei psykisk liding i løpet av livet. Medan kvinner oftare oppsøker familiekontor og psykiatrisk poliklinisk behandling, er det fleire menn som tar sjølvmord og har alkoholproblem.

– Det fortel oss mellom anna at openheit om dette temaet er viktig, og at vi alle har eit ansvar for å sørgje for at det er enkelt å søke hjelp. Vi må snakke meir om psykiske lidingar, seier Bogsnes.

Høgast sjukefråvær innan helse- og sosialtenester

Det er høgast sjukefråvær i Øygarden (7,1 %), Solund (6,9 %) og Radøy (6,8%). Kommunane med lågast sjukefråvær er Aurland (3,3 %), Sogndal (3,6 %) og Gloppen (3,8 %).

Det er framleis høgast sjukefråvær innan helse- og sosialtenester i begge fylka, Hordaland med 7,5 prosent og Sogn og Fjordane med 6,9 prosent.

– Dette er eit bilde over lang tid der vi dessverre berre ser små endringar, men vi har mange døme på at enkeltkommunar har knekt koden gjennom tett oppfølging, tydeleg leiing og godt nærversarbeid, fortel Bogsnes.

I den andre enden finn vi det lågaste fråværet i informasjons- og kommunikasjonsbransjen med 2,9 prosent i Sogn og Fjordane og 3,0 prosent i Hordaland.

Dei to klart største diagnosekategoriane i begge fylka er muskel-/skjelettlidingar og psykiske lidingar. Til saman utgjer desse om lag 60 prosent av alle sjukmelde.

– Vi ser ofte at den eine diagnosen gjerne fører til den andre, seier Bogsnes.

Over år er det ein svak nedgang i delen muskel-/ skjelettlidingar, og ein noko større auke innan psykiske lidingar, særleg i Sogn og Fjordane.

Om lag 20,7 prosent av sjukmeldingane i Hordaland var gradert i dette kvartalet. Hordaland, Rogaland og Oslo har lågast del graderte sjukefråværstilfelle i landet. I Sogn og Fjordane er talet 23,6 prosent.

Det totale sesongjusterte sjukefråværet i landet er no på 5,3 prosent. Samanlikna med 3. kvartal var det ein nedgang i det eigenmelde sjukefråværet på 1,7 prosent, medan det legemelde auka med 1 prosent. Samla var det ein auke på 0,6 prosent.

 

For kommentar til meldinga, kontakt:

Anne Kverneland Bogsnes, direktør i NAV Vestland, mobil 90 52 10 59
Frode Henden, kommunikasjonsrådgjevar i NAV Vestland, mobil 918 35 704

SSB og NAV har frå og med 4. kvartal 2018 nytta ein ny berekningsmetode for dei avtalte dagsverka i sjukefråværsprosenten for å betre kvalitet på statistikken. Vi har mellom anna slutta med å korrigere for dei avtalte dagsverka for ferie. For meir informasjon om den nye berekningsmodellen, sjå artikkel på www.ssb.no