Du blir rekna som nydimittert dersom du har tenestegjort minst tre månader i militæret dei siste tolv månadene før du søkjer dagpengar. Har du gjennomført pliktår som sersjant etter gjennomført befalsskule, blir du også rekna som nydimittert.

Reell arbeidssøkjar inneber at du søkjer arbeid, deltek på kurs og aktivitetar som er avtalte med NAV og som er tilgjengelege for NAV.

Du kan registrere deg som arbeidssøkjar når det er mindre enn 3 månader att før du dimitterer. Du kan søkje dagpengar tidlegast éi veke før du dimitterer.

Dagpengar for nydimitterte blir berekna ut frå eit minstegrunnlag på tre gonger grunnbeløpet i folketrygda (G). Dersom du har tent meir enn 3G i året som gjekk, kan du søkje om dagpengar frå det vanlege regelverket og få ei høgare utbetaling. NAV bereknar automatisk dagpengar på den måten som gir høgast utbetaling.

Som nydimittert har du krav på dagpengar i 26 veker. Dersom du søkjer dagpengar ut frå det vanlege regelverket, kan du få dagpengar i inntil 104 veker.

Vernepliktteneste i dagpengesamanheng svarer til ei arbeidsveke på 37,5 timar. Det vil seie at du kan arbeide inntil 18,75 timar per veke utan at du mistar retten til dagpengar. Men dagpengeutbetalinga blir redusert tilsvarande med det talet timar du arbeider. Dette fører du på meldekortet. Les meir om dagpengar og meldekort.

Dersom du framleis er arbeidsledig etter 26 veker med dagpengar som dimittert, kan du søkje om ordinære dagpengar for ein ny periode.