Dersom du ikkje lenger arbeider med doktoravhandlinga og du ønskjer å søkje om dagpengar, krev NAV stadfesting frå rettleiaren din på at du ikkje lenger får rettleiing. Du kan søkje om dagpengar elektronisk i nettenesten Ditt NAV.

Dersom du tek opp att arbeidet med avhandlinga – med eller utan rettleiing – må du straks gi beskjed til NAV.

Etter at du har levert inn og avslutta alt arbeidet med avhandlinga, kan du ha rett til dagpengar i perioden fram til to veker før du held første prøveforelesing, dersom du oppfyller vilkåra for rett til dagpengar. Frå og med to veker før første prøveforelesing og til og med dagen du disputerer, har du ikkje rett til dagpengar.

Miste retten til dagpengar

Dersom det i ettertid viser seg at du har arbeidd med avhandlinga samtidig som du har motteke dagpengar, vil du få krav om å betale tilbake. Du vil vanlegvis også miste retten til dagpengar, og forholdet kan bli meldt til politiet.