Dersom søknaden blir godkjend kan du få dagpengar i inntil 12 månadar.

Du må først på vanleg måte ha søkt og fått innvilga dagpengar, før du søkjer om å behalde dagpengar mens du etablerer deg. Det er perioden du blir innvilga dagpengar for som avgjør kor lenge du eventuelt kan få dagpengar under etablering. De 12 månadane som er beskrive over gjeld altså berre dersom dagpengeperioden din varer så lenge.

Karantene

Er du sjølv skuld i at du er ledig, for eksempel at du har sagt opp jobben utan rimeleg grunn, er det ei karantenetid på 6 månader før du kan få innvilga dagpengar under etablering. Du kan altså ikkje få dagpengar under etablering i denne perioden.

Permitterte kan ikkje søkje om å få dagpengar under etablering.

Når NAV vurderer søknaden legg vi vekt på dette:

  • Ein reknar med at etableringa må føre til at du kan forsørgje deg sjølv.
  • Verksemda må vere ny.
  • Lova stiller som absolutt krav at verksemda er di «eiga». Det inneber at verksemda
    • enten må vere eit enkeltpersonføretak, eller
    • er eit selskap der du eig fleire enn halvparten av aksjane eller delane
  • Verksemda skal etablerast og drivast i Noreg.
  • Verksemda må vere meld inn i dei nødvendige offentlege registera.
  • Du må hente ei næringsfaglig vurdering av etableringsplanane frå ein instans NAV har godkjent. NAV dekkjer ikkje utgiftene til dette.

Slik fyller du ut meldekort

Det er særskilde reglar for korleis du fyller ut meldekort når du tek imot dagpengar under etablering.  

Les meir om etablering av eiga verksemd på altinn.no.