NAVs vurdering får du i eit oppfølgingsvedtak eller når du er i samtale med ein rettleiar. Vedtaket bygger på informasjonen du har lagt inn i CV-en din og andre opplysningar du har registrert på nav.no eller har informert oss om i samtaler.

Oppfølginga frå NAV skjer i den digitale aktivitetsplanen din på nav.no. Så snart du har registrert deg som arbeidssøkjar, kan du byrje å planlegge vegen tilbake til jobb i aktivitetsplanen. Du kan starte ein digital dialog med ein rettleiar om dine arbeidsretta aktivitetar.

NAV kan òg starte ein dialog i aktivitetsplanen viss vi ønskjer ein jobbsamtale. Når vi følgjer deg opp, er det viktig for oss å kjenne til arbeidserfaringa di, kompetansen din og eventuelle utfordringar du har med å komme i jobb. Dette kan vi ha dialog om i aktivitetsplanen, slik at vi saman ser på kva behov du har for hjelp frå oss og kva du kan gjere sjølv.