Bedriftsintern opplæring skal innehalde teori, eventuelt kombinert med praktisk trening. NAV gir berre tilskot til opplæring som kjem i tillegg til den ordinære opplæringa i bedrifta.

Det blir ikkje gitt tilskot dersom det er knytt bindingstid til opplæringa, eller dersom opplæringa er obligatorisk for at dei tilsette skal oppfylle fastsette, nasjonale krav.

Kven kan få?

Verksemder som må endra vesentleg produksjonen i bedrifta eller etablere seg på nye marknader, kan søkje om bedriftsintern opplæring. Det er ein føresetnad at tilskotet medverkar til å halde ved lag og styrkje kompetansen til dei tilsette i verksemda.

NAV kan gi tilskot til bedriftsintern opplæring for tilsette som er delvis permitterte i den tida dei er i jobb. Det blir ikkje gitt tilskot til tilsette som er heilt permitterte.

Bedriftsintern opplæring er eit arbeidsmarknadstiltak som NAV tildeler etter ei individuell vurdering. NAV vurderer blant anna planane verksemda har for omstilling, og om det er sannsynleg at bedrifta klarer å gjennomføre planen.

Kva kan de få?

Verksemda kan få tilskot til kostnader knytte til opplæring og til lønnsutgifter til deltakarane i opplæringsperioden.

  • Utgifter til opplæring skal alltid utgjere minst 1/3 av beløpet som gir rett til støtte.
  • Tilskot til lønnsutgifter kan ikkje overstige 2/3 av beløpet som gir rett til støtte.
  • Eit opplæringsprosjekt kan ikkje få fleire tilskot.
  • Tilskotet kan ikkje overstige 70 prosent av kostnadene verksemda har i samband med opplæringa.

Kor lenge kan verksemda få tilskot?

Opplæringstida for kvar deltakar kan vare i inntil 26 veker.

Tiltaksperioden kan gå utover 26 veker dersom opplæringa er organisert slik at opplæringsperioden rullerer blant dei tilsette.

Korleis søkjer de?

De søker på skjemaet «Søknad om tilskot – Bedriftsintern opplæring». Dersom de er usikre på om verksemda oppfyller krava, kan de ringje NAVs arbeidsgivartelefon på telefonnummer 55 55 33 36 (tasteval 1).

Dersom de har fått innvilga tilskot til bedriftsintern opplæring, skal de sende inn refusjonsskjemaet «Tilskot til bedriftsintern opplæring» for å få refundert utgiftene.

De finn begge skjemaa under «Skjema».