Hovudinformasjonen om AAP finn du på sida Arbeidsavklaringspengar (AAP).

Sjukepengar og AAP  

Du kan vere sjukmeldt med sjukepengar inntil eitt år. Dersom du framleis er sjuk ved slutten av dette sjukepengeåret, kan AAP vere ei aktuell yting.

Det kan òg vere aktuelt med AAP dersom du er tilbake i jobb etter å ha brukt opp sjukepengerettane dine, men blir sjuk igjen før du har tent opp nye rettar. Du må ha vore heilt arbeidsfør i 26 veker før du igjen har rett på sjukepengar.

Du må sjølv søkje om AAP

Du kan få AAP frå det tidspunktet sjukepengane går ut, men tidligast frå det tidspunktet du søkjer om AAP. Du må sjølv søkje om AAP i god tid før retten din til sjukepengar er brukt opp. Dersom sjukepengeperioden din nærmar seg slutten, tilrår vi at du er i dialog med NAV.

Når du har fått sjukepengar i 39 veker får du eit informasjonsbrev frå NAV. Har du hatt mange korte sjukepengeperiodar, kan det dessverre skje at systemet ikkje fangar opp når det har gått 39 veker. I slike tilfelle vil du ikkje få eit slikt brev frå NAV. Det er difor viktig at du sjølv sjekkar når retten din til sjukepengane er brukt opp. Dette kan du få hjelp til ved å kontakte NAV på telefon.

Har du generelle spørsmål om å søkje AAP? Då kan du chatte med oss.

Arbeidsevnevurdering

Når NAV skal vurdere om du har rett til AAP, lagar vi ei arbeidsevnevurdering saman med deg. Det er ei heilskapleg vurdering av dine moglegheiter og avgrensingar i arbeidslivet. Korleis helsa di påverkar moglegheitene dine til å vere i arbeid er viktig i denne vurderinga. For å ha rett til AAP må arbeidsevna di vere redusert med minst 50 prosent på grunn av sjukdom eller skade. Les meir om arbeidsevnevurdering.

Aktivitetsplan

Arbeidsevnevurderinga blir òg brukt når NAV, saman med deg, skal lage ein plan for aktivitetar du skal gjennomføre for å kome i arbeid. Det er NAV som skal ta initiativet til å lage aktivitetsplanen. Dette kan anten skje medan du får sjukepengar, eller etter at du har fått AAP. Les meir om aktivitetsplan.

Når du tek imot AAP, må du sende meldekort til NAV kvar 14. dag. Les meir om meldekort.

Oppfølging frå arbeidsgivar og NAV etter at retten til sjukepengar er brukt opp

Arbeidsgivaren din har ansvar for å følgje deg opp medan du er sjuk, og så lenge du er tilsett. Dette ansvaret sluttar ikkje automatisk sjølv om du går frå sjukepengar til AAP. Du skal framleis ha oppfølging frå arbeidsgivaren din og NAV etter at du har fått innvilga AAP. Sjukdom er ikkje grunnlag for oppseiing det første året ein er sjukmeld. Dersom en arbeidstakar har vore sjuk i meir enn eitt år, gjeld vanlege reglar om sakleg grunn til oppseiing, sjå arbeidsmiljølova § 15-8 (1).

I sjukepengeåret er det lovbestemte tidspunkt som skal sikre at det er jamleg kontakt mellom deg som er sjukmeld, arbeidsgivar, sjukmelder (legen) og NAV. Etter at sjukepengane er gått ut, vil behovet ditt vere med på å styre kva slags oppfølging du får. Alle som får AAP har rett til oppfølging frå NAV.

Kva slags oppfølging som er aktuell for deg vil avhengig av om du har ein arbeidsgivar du skal tilbake til, kor lenge du har vore sjukmeld, korleis helsa di er, og fleire andre forhold.

Dersom det er vanskeleg for deg å gjere arbeidsoppgåvene du hadde før du blei sjuk, eller dersom det er forhold hjå arbeidsgivaren din som gjer det vanskeleg for deg å vere i jobb, kan det vere aktuelt at NAV hjelper deg å finne jobb hjå andre arbeidsgivarar. NAV vil då, blant anna, bruke opplysningane frå CV-en din. Det er difor viktig at informasjonen i CV-en er oppdatert. Det kan du sjekke sjølv i Ditt NAV.