Stadig fleire inngår privat avtale om bidraget i staden for å søkje om at NAV skal fastsetje bidraget. Forsørging av barn er i utgangspunktet eit privat forhold mellom foreldra. Det er ikkje nødvendig å involvere eller informere NAV i det heile dersom de kan kome fram til ein avtale som begge er fornøgde med. Her finst det unntak dersom foreldra ikkje budde saman då barnet blei født.

Avtalen bør gjerast skriftleg og er like bindande som eit vedtak. Dersom de vil, kan de bruke ein standardavtale som ligg under Skjema. Denne kan vere ei ramme for den private avtalen mellom dykk.

Ved å inngå ein privat avtale slepp de å betale gebyr til NAV.

Bidragsrettleiar

De kan bruke bidragskalkulatoren til NAV for å rekne ut beløpet. Ut frå opplysningar som du gir opp om partane i saka, blir bidraget rekna ut slik NAV ville ha fastsett bidraget. Når NAV fastset bidraget, skjer dette ut frå det regelverket som gjeld. Det blir teke omsyn til livssituasjon, inntekt og kor mykje samvær kvar av foreldra har med barnet.

Ved ein privat avtale står de fritt til å avtale kva som helst beløp, og de kan i større grad tilpasse bidraget til situasjonen dykkar. Beløpet kan endrast etter kvart som det passar dykk, og dersom livssituasjonane endrar seg.

Betaling av bidraget

Sjølv om avtalen er privat, kan de velje at bidraget blir kravd inn og formidla vidare av NAV. De må då sende avtalen saman med søknad om innkrevjing. Innkrevjinga frå NAV er gebyrfri.

Ønskjer de å ordne overføringa av bidraget utan innblanding frå det offentlege, kan de det. Dette er uavhengig av om de har inngått ein privat avtale eller ikkje.

Merk deg at dersom bidragsmottakaren får bidragsforskot, må bidraget formidlast og krevjast inn av NAV.

Dersom de har avtalt eit bidrag som er lågare enn det som blir betalt ut i forskot i saka, kan NAV endre bidraget. Grunnen til dette er at det offentlege skal ha refusjon i bidraget for det forskotet som er betalt ut.