Auka hjelpestønad skal sette foreldre/eller personar i foreldra sin stad, i stand til å pleie eit barn under 18 år som bur heime og som har vesentleg større behov for tilsyn, pleie og annan hjelp enn det som blir dekt av ordinær hjelpestønad. Du kan få hjelpestønad sjølv om barnet ikkje bur heime heile tida. Dersom barnet bur mindre enn halvparten av tida heime, kan satsen for auka hjelpestønad bli redusert.

For å få auka hjelpestønad vil det bli lagt vekt på:

  • kor mykje den fysiske og psykiske funksjonsevna er nedsett
  • kor omfattande pleieoppgåva og tilsynet er
  • kor stort behovet forstimulering, opplæring og trening er
  • kor mykje pleieoppgåva bind den som gjer arbeidet

Det er den totale arbeidsbelastninga til den som utfører pleia/tilsynet som er avgjerande.

Kva kan du få?

Auka hjelpestønad kan gis etter sats 2, 3 eller  4. Det er omfanget av pleieoppgåvene som avgjer kva sats du får.

Sjå satsane for grunnstønad, hjelpestønad og auka hjelpestønad

Ver merksam på at dersom barnet får hjelpestønad og den som pleier og har tilsyn med barnet får omsorgsstønad, har kommunen høve til å redusere omsorgsstønaden. Omsorgsstønaden kan bli redusert med eit like stort beløp som hjelpestønaden. Kommunen kan krevje at du har søkt om hjelpestønad før det blir tatt stilling til omsorgsstønad. Du kan likevel søkje om omsorgsstønad parallelt med hjelpestønad. 

Auka hjelpestønad er skattefri.

Kor lenge kan du få auka hjelpestønad?

Auka hjelpestønad kan bli gidd til og med den månaden barnet fyller 18 år, men behovet for tilsyn og pleie kan endre seg. NAV skal difor revurdere stønaden kvart tredje år. Du vil då få eit brev der du blir bedt om å gi opplysningar om no-situasjonen og dokumentasjon på at du eventuelt framleis har behov for stønaden.

Dersom barnet dør, har foreldre til barn som har fått hjelpestønad i minst tre år rett til å behalde hjelpestønaden i ein overgangsperiode på 3 månadar etter dødsfallet.

Korleis søkjer du?

Du må søkje skriftleg om auka hjelpestønad.  Du finn skjemaet under «Skjema Og søknad».

I søknaden må du opplyse om kva lege eller legar som behandlar deg og adressa til legen. NAV innhentar nødvendige legeopplysningar.

Dersom du har rapportar frå til dømes PPT-kontor eller skule, kan du legge dei ved søknaden.

Meld frå om endringar

Dersom det blir endringar i tilsyns- og pleiesituasjonen, familiesituasjon eller planlegger opphald i utlandet, kan det ha innverknad for beløpet du får utbetalt frå NAV. I slike tilfelle må du difor straks melde frå til NAV.

Utbetalingar

Sjå utbetalingsdatoar, feriepengar og skattetrekk. Stønad til barn under 18 år blir utbetalt til kontonummeret til barnet.

For å registrere kontonummer til barnet må du fylle ut skjema NAV 95-20.00 og sende dette inn per post til NAV.

Mottakarar av auka hjelpestønad som er over 18 år, kan endre kontonummeret sitt på Ditt NAV. Les meir om å endre kontonummer.