Du må som hovudregel ha vore i arbeid dei siste 4 vekene og ha tapt arbeidsinntekt for å ha rett til å bruke omsorgsdagar. Dersom du er arbeidstakar, er det arbeidsgivaren din som skal betale for dei første 10 omsorgsdagane til og med det kalenderåret det yngste barnet i husstanden fyller 12 år. Dersom du er sjølvstendig næringsdrivande eller frilansar, har du rett til omsorgspengar frå NAV frå den 11. fråværsdagen.

Du har automatisk rett til

  • 10 omsorgsdagar per kalenderår, når du har eitt eller to barn under 12 år
  • 15 omsorgsdagar per kalenderår, når du har meir enn to barn under 12 år

Du kan ha rett til fleire omsorgsdagar

når den andre forelderen ikkje kan ta seg av barnet/barna

Du kan ha rett til å overføre eller fordele omsorgsdagar når du er åleine om omsorga.

Når kan du bruke omsorgsdagar?

Du kan bruke omsorgsdagar dersom

  • du må vere borte frå arbeid fordi barnet er sjukt
  • den som har det daglege barnetilsynet er sjuk, til dømes ein forelder som ikkje er yrkesaktiv, dagmamma eller liknande
  • den som har det daglege barnetilsynet er hindra frå å ha tilsyn med barnet fordi han eller ho følgjer eit anna barn til utgreiing eller innlegging i helseinstitusjon
  • barnet treng oppfølging i form av legebesøk eller liknande, sjølv om barnet ikkje er sjukt eller pleietrengjande den aktuelle dagen

Du kan ikkje bruke omsorgsdagar på grunn av

  • ordinære møte med skulen, som foreldremøte eller tilretteleggingsmøte
  • planlagt fråvær, som skuleferiar og planleggingsdagar
  • rutinekontrollar på helsestasjonen
  • vanlege tannlegebesøk og tannlegekontrollar som ikkje kjem av sjukdom

Arbeidsgivaren kan godkjenne at arbeidstakaren tek ut einskildtimar eller halve dagar, som kan leggjast saman til heile omsorgsdagar.

Når kan du søkje om fleire omsorgsdagar?

Du kan søkje om fleire omsorgsdagar dersom du

I desse tilfella skal du sende Søknad om fleire omsorgsdagar / melding om fordeling og overføring av dagane NAV 09-06.05 som du finn under «Skjema og søknad»

Omsorgsdagar til arbeidstakarar

Når du bruker omsorgsdagar, må du melde frå til arbeidsgivaren din med eigenmelding. Frå den fjerde dagen kan arbeidsgivar krevje at du dokumenterer barnet eller barnepassaren sin sjukdom med ei legeerklæring.

Du har ikkje rett til omsorgspengar frå arbeidsgivar dersom

  • arbeidsforholdet har vore avbrote i minst 14 dagar fordi du har lovbestemt permisjon. Sjå Arbeidsmiljølova § 12-2 – 12-5 og § 12-13.
  • du ikkje har 4 vekers oppteningstid fordi du har teke imot dagpengar, foreldrepengar, sjukepengar, pleiepengar eller opplæringspengar.
  • du har bytt arbeidsgivar og ikkje har jobba i minst 4 veker i det nye arbeidsforholdet.

I desse tilfella kan du har rett til omsorgspengar direkte frå NAV.  Barnet eller barnepassaren sin sjukdom må dokumenterast med ei legeerklæring. For at du skal få utbetalt omsorgspengar, må arbeidsgivar sende inn inntektsopplysningar på skjema NAV 08-30.01, som du finn under «Skjema og søknad».

Omsorgsdagar til sjølvstendig næringsdrivande og frilansarar

Sjølvstendig næringsdrivande og frilansarar har rett til omsorgspengar frå NAV frå den 11. fråværsdagen. Det vil seie at du kan få omsorgspengar frå NAV når du

  • har 3 eller fleire barn,
  • har fått innvilga fleire omsorgsdagar fordi du har barn som er kronisk sjuke eller funksjonshemma eller
  • er åleine om omsorga

Utbetaling til sjølvstendig næringsdrivande og frilansarar

Når du søkjer om å få utbetalt omsorgspengar frå NAV, må du dokumentere barnet eller barnepassaren sin sjukdom med ei erklæring frå lege. Du må dokumentere dei 10 dagane du allereie har brukt og gi opp nøyaktig kva for dagar du ber om å få refundert omsorgspengar for. Dersom du har omsorg for eit kronisk sjukt eller funksjonshemma barn over 12 år og det ikkje er andre barn under 12 år i husstanden, kan du søkje NAV om å få utbetaling frå NAV frå første dag.

Du må dokumentere inntekta di ved å fylle ut «Inntektsopplysningar for sjølvstendig næringsdrivande og frilansarar» (NAV 09-35.01), som du finn under «Skjema og søknad». Du bruker det same skjemaet for å dokumentere dagane du har brukt og dagane du ber om å få refundert.

Du kan få utbetalt omsorgspengar i opptil 3 månader bakover i tid, rekna frå månaden før NAV tok imot inntektsopplysningsskjemaet. Det vil seie at dersom NAV tek imot inntektsopplysningane frå deg i september, kan du få refundert omsorgspengar for omsorgsdagar i juni, juli og august.

Refusjon av omsorgspengar til arbeidsgivar

Du som er arbeidsgivar skal betale for dei første 10 omsorgsdagane til og med det kalenderåret det yngste barnet i husstanden fyller 12 år.

Dersom arbeidstakaren din har rett til meir enn 10 omsorgsdagar, må du òg betale ut lønn for desse dagane, men du får refusjon frå NAV frå den 11. dagen.

Dersom arbeidstakaren din har rett til fleire omsorgsdagar fordi barnet er kronisk sjukt eller funksjonshemma, får du refundert omsorgspengar frå første fråværsdag frå det kalenderåret det yngste barnet i husstanden fyller 13 år.

For å få utbetalt omsorgspengar, må du:

  • sende inn inntektsopplysningar for arbeidstakaren din
  • dokumentere dei 10 dagane arbeidstakaren allereie har brukt, og
  • gi opp nøyaktig kva for dagar du ber om å få refundert omsorgspengar.

Du kan bruke inntektsopplysningsskjema NAV 08-30.01, som du finn under «Skjema og søknad».

Du skal ikkje sende kopi av fråværsprotokollar eller eigenmeldingar.

Du kan få utbetalt omsorgspengar i opptil 3 månader bakover i tid, rekna frå månaden før NAV tok imot inntektsopplysningsskjemaet. Det vil seie at dersom NAV tek imot søknaden din om refusjon i september, kan du få refundert omsorgspengar for omsorgsdagar i juni, juli og august.

Meld frå om endringar

Dersom du opplever endringar i familiesituasjonen som påverkar retten til omsorgspengar, må du straks melde frå til NAV.

Har du fleire spørsmål om omsorgsdagar?

Då kan du ringe 55 55 33 33, tasteval 3 og deretter 2. Er du arbeidsgivar eller lege, kan du ringe 55 55 33 36.