Fastsetting og innkrevjing av trygdeavgift

Når du skattar til Noreg er det som hovudregel skatteetaten som trekker trygdeavgifta frå lønna eller pensjonen din gjennom skattetrekket. Trygdeavgift blir berekna av personinntekt og pensjon, og avgiftssatsane for pliktig medlemskap for året 2016 finn du i tabellen under.

 
Type inntekt Avgiftssats
Personinntekt 8,2 %
Personinntekt av næringsinntekt 11,4 %
Pensjon 5,1 %

Avgiftsgrunnlaget blir fastsett av likningsmyndigheitene, og det går fram av det årlege skatteoppgjeret kor mye du har betalt i trygdeavgift. Dersom du ikkje skattar til Noreg, men likevel er medlem eller har rettar i folketrygda, er det NAV Medlemskap og avgift som fastset og krev inn trygdeavgift.

Avgiftssatsane ved frivillig medlemskap

Avgiftssatsane for frivillig medlemskap varierer ut frå om arbeidsgivar pliktar å betale arbeidsgivaravgift i Noreg og om ein er medlem i både helse- og pensjonsdelen, eller berre ein av delane.

 
  Arbeidsgivar pliktar å betale arbeidsgivaravgift Arbeidsgivar pliktar ikkje å betale arbeidsgivaravgift
Helsedelen 6,8 % 9,1 %
Helsedelen med rett til sjukepengar 6,8 % 13,8 %
Pensjonsdelen 21,9 % 28,8 %

Dersom ein vel både helse- og pensjonsdelen, blir satsane lagde saman.

Avgiftssatsane for pensjonistar

Pensjonistar og uføretrygda busette utanfor EØS:

 
Skatteforhold Avgiftssats
Ordinær trygdeavgift blir betalt saman med skatten til skattestyresmaktene 2,3 %
Betalar ikkje skatt til Noreg 9,1 %
Ved kjeldeskatt til Noreg 7,4 %

 

Pensjonistar og uføretrygda som ikkje er arbeidstakarar eller sjølvstendig næringsdrivande i tillegg, kan berre vere medlem i helsedelen.

 

Pensjonistar busette innanfor EØS:

 
Skatteforhold Avgiftssats
Ved ordinær skatteplikt til Norge Inga avgift til NAV Medlemskap og avgift
Ved opphøyr av ordinær skatteplikt til Norge 5,1 %
Ved kjeldeskatt til Norge 5,1 %

Pensjonistar busette i EØS-området har rett til helsetenester i bustadlandet. I alle land utanom Norden blir dette dokumentert ved E121 skrive ut  av HELFO.