Kven kan få supplerande stønad?

Du må ha opphaldsløyve og vere busett i Noreg.

Du får stønaden for tolv månader om gongen. To gonger i løpet av stønadsperioden må du på oppfølgingssamtaler hos NAV-kontoret ditt.

Stønaden er behovsprøvd, og all inntekt få Noreg og utlandet skal reknast med. Inntekta til eventuell ektefelle eller sambuar eller registrert partnar skal også reknast med. Stønaden blir også behovsprøvd mot formue.

Du misser stønaden dersom du oppheld deg utanfor Noreg i meir enn 90 dagar til saman i løpet av stønadsperioden.

Dersom du kom til Noreg på grunn av familiegjenforening med barn, barnebarn, nevø eller niese og fikk opphaldstillatelse fordi du hadde ein som garanterte at du ville bli forsørggd, vil du frå 1.1.2016 ikkje ha rett til supplerande stønad.

Endringa gjeld for alle nye stønadsperioder.

Korleis søkjer du?

Du må møte personleg på NAV-kontoret ditt saman med eventuell ektefelle eller sambuar når du skal søkje. Det same gjeld når du skal søkje om ny stønadsperiode. Om ektefellen, sambuaren eller den registrerte partnaren er under 67 år, treng han/ho ikkje møte.

Husk å ta med deg pass eller anna reisedokument. Det er nødvendig for at du skal kunne legitimere deg og for at NAV kan kunne kontrollere dine utanlandsopphald.

Du kan få skjemaet når du møter på NAV-kontoret.

Vedlegg til søknaden:

  • Kopi av opphaldsløyve frå Utlendingsdirektoratet for søkjar og eventuell ektefelle eller sambuar over 67 år
  • Kopi av pass for søker og eventuell ektefelle eller sambuar over 67 år
  • Kopi av siste utskrift av fastsetting siste skattemelding dersom den er nyare, for søkjar og eventuell ektefelle eller sambuar

Dette kan du gjere sjølv

Du kan få raskare svar om du skaffar den informasjonen som NAV-kontoret ditt treng for å behandle søknaden.

Kva kan du få?

Supplerande stønad skal sikre ei inntekt som svarer til folketrygdas minste pensjonsnivå for alderspensjonistar. Full stønad tilsvarer:

  • For einslege stønadsmottakarar: Minste pensjonsnivå/ høg sats
  • For personar med ektefelle under 67 år: Minste pensjonsnivå/høg sats
  • For kvar av ektefellane når begge har fylt 67 år: Minste pensjonsnivå/ordinær sats

For å berekne kor mykje du kan få, kan du sjå på gjeldande satsar for minste pensjonsnivå.

Stønad blir redusert med all inntekt søkaren og eventuell ektefelle, sambuar eller registrert partnar har. Formue kan føra til avslag.

Du kan få etterbetaling for inntil 3 månadar.

Sats for stønadsmottakar som forsørgjar ektefelle under 67 år og bornetillegg for born under 18 år ble avvikla i 2015.

Frå 1. 1. 2016 vil einslege mottakarar av supplerande stønad som deler bustad med andre vaksne berre ha rett til supplerande stønad på minste pensjonsnivå med ordinær sats.

Når du skal til utlandet

Dersom du skal vere i utlandet i meir enn 90 dagar i løpet av ein stønadsperiode, fell retten til stønad bort.

For andre som kjem til Norge

Først må du sjekke om du blir medlem i folketrygda.

Du kan ha rett til supplerende stønad dersom du ikkje har rett til ytingarr frå andre land som minst tilsvarer supplerende stønad. Stønaden kan ikkje erstatte andre ytingar.

Teksten er utarbeidd for å gje ei kort og enkel framstilling av ytinga/tenesta. Dersom du har behov for meir fullstendig informasjon bør du setje deg inn i regelverket du finn under "Regelverk".

Meld frå om endringar

Dersom du får endringar i inntekt, familiesituasjon og/eller jobbsituasjon, eller planlegg opphald i utlandet, kan det ha noko å seie for beløpet du får utbetalt frå NAV. I slike tilfelle må du derfor straks melde frå til NAV.

Utbetalingar

Sjå utbetalingsdatoar, feriepengar og skattetrekk.

Du kan òg sjekke utbetalingar i tenesta Utbetalingsoversikt.