Kven kan få transport til arbeid og utdanning?

  • Du må ha varige vanskar med å kome fram og ikkje ha moglegheit til å kunne reise til og få arbeids- eller utdanningsstaden med offentlege kommunikasjonsmiddel. Funksjonsvanskane må vere varige, det vil seie lenger enn eitt år.
  • Når NAV vurderer behovet ditt tar vi i omsyn til om ei reise kan vere ei så stor belastning at ho hindrar deg i å fungere tilfredsstillande i arbeids- eller utdanningssituasjonen. Du kan få støtte til arbeids- og utdanningsreiser dersom du mellombels er fråteken førarkortet av medisinske årsaker og ikkje kan komme deg til arbeid/utdanning på annan måte.
  • Om det manglar eit kollektivtilbod i nærmiljøet ditt, er ikkje det åleine grunn til å få dekt transport dersom du i utgangspunktet kunne bruke offentleg transport.

Eigendel

Du betalar ein eigendel per reise til drosjesjåføren. Eigendelsbeløpet  tilsvarar den rimelegaste kostnaden til transport med offentlig kommunikasjon med eit tillegg på 10 prosent.

Avgrensingar

Du får ikkje dekt transport dersom:

  • du er elev i grunn- eller vidaregåande skule der kommunen eller fylkeskommunen har ansvaret for å dekke reisa til skulen 
  • du får ei full yting til livsopphald frå folketrygda eller dersom du allereie får dekt utgifter til transport gjennom andre ordningar – for eksempel:
  • bil frå folketrygda som kan nyttast til arbeid eller utdanning
  • daglege reiseutgifter frå NAV
  • grunnstønad til transport til arbeid eller utdanning

Dersom vêrforhold gjer det vanskeleg å nytte eigen bil, eller dersom du har bilen på reparasjon utover ei veke, kan du få dekt transportbehovet ditt sjølv om du allereie får stønad til bil frå folketrygda.

Arbeidsgivaren skal dekke reiser som er ein del av jobben.

Nyttig å vite

Alle som får vedtak om støtte til arbeids- og utdanningsreiser gjennom NAV får eit reisekort og informasjon om korleis kortet nyttast.

Du har sjølv ansvar for å bestille transport. Du kan velje kven du vil bestille reise hos men transportør må ha løyve til å utføre persontransport, som regel drosje.

Det er NAV Tiltak Innlandet som behandlar søknader om arbeids- og utdanningsreiser.

Rett søknad gir raskare svar

Du kan få raskare svar dersom du sjølv skaffar den informasjonen NAV treng for å behandle søknaden.

Vedlegg til søknaden:

  • Du må dokumentere det medisinske behovet for transport med legeerklæring.
  • Dersom  du allereie har eit arbeids- eller utdanningsforhold, sender du dokumentasjon på dette.

Dersom du forsøker å få arbeid eller studieplass, kan du søkje om ei førehandsgodkjenning av transport. Når du har fått arbeid eller studieplass, ettersender du dokumentasjon på dette.