Kven kan få krigspensjon?

Du kan ha rett til krigsspensjon dersom du har fått mein eller nedsett arbeidsevne som følgje av skade eller påkjenningar under sjøteneste, militær teneste, motstandsarbeid eller politisk fangenskap under krigen 1939-1945. Også andre som er påført skade som følgje av krigsulykke eller hendingar som skuldast krigen, kan ha rett til krigspensjon.

Etterlatne etter krigspensjonistar kan ha rett til krigspensjon utrekna på grunnlag av avdøde sin krigspensjon. På visse vilkår kan det også ytast attlevandepensjon sjølv om avdøde ikkje mottok krigspensjon.

Kva kan du få?

Kva du får utbetalt i krigspensjon, avheng av

  • om du er over eller under 67 år
  • kor mange prosent arbeidsufør du har blitt som følge av skadane
  • kva du har i pensjonsgrunnlag. Pensjonsgrunnlaget er fastsett ut fra antatt årsinntekt i 1946

Frå 2011 blir krigspensjon regulert i takt med gjennomsnittleg lønnsvekst i samfunnet og deretter fråtrekt 0,75 prosent. Den årlege reguleringa skjer med verknad frå 1. mai kvart år.

Pensjonen til krigspensjonistar under 67 år blir regulert med grunnbeløpet i folketrygden 1. mai hvert år.

Full etterlattepensjon er to tredelar av pensjonen til avdøde.

Barnepensjon blir rekna ut på grunnlag av grunnbeløpet i folketrygden.

Du kan se kva beløp som gjeld for alle krigspensjonar i vedlegg til loven om krigspensjon.

Andre aktuelle ordningar

Krigspensjonistar kan òg ha rett til gratis medisinsk behandling for skade eller sjukdom godkjent som krigsskade. Naudsynt tannbehandling kan verte dekka etter takstane i den offentlige tannhelsetenesta. Krigspensjonistar har dessutan rett til tre vekers fritt kuropphald i året på Bæreiasenteret eller i godkjend opptreningsinstitusjon.

Jødiske og andre krigsofte kan ha rett til pensjon frå Stortingets kompensasjonsordningar for krigsofre.

Du kan ringe NAV på telefon 55 55 33 34 dersom du lurer på kva ordningar som kan vere aktuelle for deg.

Samordning av pensjonar

Dersom du har rettar i andre trygdeordningar, vert pensjonen samordna. Hovudregelen er at du får ein sum som minst tilsvarer den høgaste av pensjonane.

Kor lenge kan du få krigspensjon?

Krigspensjon er ei livsvarig yting. I samband med dødsfall blir krigspensjon utbetald til og med månaden etter dødsfallet.

Korleis søkjer du?

Du søkjer på skjemaet «Invalidepensjon» eller «Etterlattepensjon» (gjeld òg for barnepensjon), som du finn under «Skjema og søknad». For at NAV skal kunne handsame søknaden din, må òg legen din ha fylt ut skjemaet «Krigspensjoneringen: Legeerklæring». Dersom du har spørsmål, kan du ringe NAV på telefonnummer 55 55 33 34.

Skal du flytte til utlandet?

Krigspensjon er ikkje ei folketrygdyting. Det skjer ingen endringar i pensjonen dersom du flytter ut av landet.

Du bør undersøkje om du held fram å vere medlem i folketrygda. Det påverkar blant anna retten til helsetenester.

Utbetalingar

Sjå utbetalingsdatoar, feriepengar og skattetrekk.

Du kan òg sjekke utbetalingar i tenesta Utbetalingsinformasjon.